Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
tirsdag 12. mars 2013
Utvidelse av kassehylla
Den noget skeive og litt rare kassehylla mi, fekk endelig sin etterlengta oppgradering.
Fire nye kasser gjorde susen, og no syns eg den tar seg bra ut på rommet:)
Denne skrivepulten fra Bolia, klarte eg ikkje å gløyme.. Syns den er så fin. Så då eg oppdaga at den var salg, så måtte eg liksom berre kjøpe den...:)Superfornøgd!
Ønsker alle ein fin kveld!
mandag 5. november 2012
Mørketidskos
Mørketida er ikkje kommet for fullt enda, men den begynner likevel å sette seg godt syns eg.
Då er det ekstra koselig å sitte inne i varmen å berre sjå ut på været og utsikta...:)
Ikkje feil å ha ein bolle med sjokolade i nærheten heller!:)
Med dette bildet er eg med i Nib sin novemberutfording: kos.
Vil du sjå andre fine bidrag kan du gå inn her
Ønsker alle ein fin ettermiddag og kveld!
tirsdag 23. oktober 2012
Nok heimestrikka gensere??
Tenkte eg skulle bytte ut kjolene på klesstativet mitt med mine heimestrikka gensere.. For variasjonens skyld.. Då gikk det opp for meg at eg faktisk har strikka veldig mange gensere til meg sjølv dei siste par åra..
Og no lurer eg på.. Korleis kan eg rettferdiggjere dei minst 4 andre genserene til meg sjølv som eg har lyst på og planlegger å strikke.? Eg har jo tross alt nok. Eller??
Hm...
Trur eg må fundere litt på det.. Strikking blir jo ganske dyrt i lengden..
Men uansett er det litt koselig å ha mine strikkagensere på utsilling ei stund:)
Ønsker alle ein fortreffelig onsdag!
fredag 19. oktober 2012
Litt meir lys i mørket...
No har det virkelig begynt å bli mørkt her oppe i nord. Eg er ikkje så veldig plaga av mørketida, men er heilt avhengig av godt lys inne. Derfor har mange av lyspærene blitt bytta ut med lyspærer med sterkere watt og i TV-stova har vi tilogmed gått til innkjøpo av ei ny lampe.
I Tv-stova er alle farger tillatt. Så derfor blei det ei kul gul lampe her:)
Fra kremmerhuset. Veldig fornøgd!
Puffen her er strikka etter oppskrift fra Pickles. Du finn oppskrifta her.
God helg!!
fredag 28. september 2012
Litt oppfriskning av ein gammal krakk
Denne krakken fann eg i kjellaren. Der stod den og tok opp verdifull lagringsplass. Ettersom vi faktisk trengte ein krakk oppe, passa det glimrande å ta opp denne.
Litt restemaling og eit påbegynt golvteppe var det som skulle til.
( irriterer meg litt at eg har glømt å klippe tråden under "teppet"....jaja)
Og slik såg den ut før...
God helg til alle som stikker innom!!
tirsdag 11. september 2012
Jenterommet del 2
I mars publiserte eg eit innlegg fra rommet til jentene. Men det var berre halve rommet, så no kjem andre halvdelen:)
Denne delen av rommet har nesten berre møbler fra Fretex. Er særdeles fornøgd med skatollet vi fann der.
Så det blir nok som det er ei stund til.
Vil du sjå korleis den andre halvdelen av rommet ser ut kan du gå inn her :)
Sigrid:)
tirsdag 19. juni 2012
Litt forandring i stova:)
Har lenge tenkt på at eg skulle male hjørneskapet. Det har hatt sammme farge i 10 år så eg syns det var på tide med forandring!
Men fargevalget var vanskelig! Malte det først heilt gult, men det passa ikkje. Gulfargen blei altfor dominerande og tok heile rommet. Bestemte meg så for å male det kvitt i stedenfor, men etter at dørene fekk eitt strøk med kvitmaling syns eg faktisk at dette blei litt stilig, så derfor blir det slik ei stund iallefall.
Mitt langsiktige mål er å pusse ned heile skapet. Men det er sikkert 5 strøk med maling, så det vil nok ta ei halv evighet... Spørs om eg klarer å få gjort det med det første...:)
Før og etter...:)
Veit ikkje om eg er superfornøgd med skapet, men det er uansett gøy med litt forandring!
fredag 8. juni 2012
Ein herlig okergul detalj
Denne deilige gule puta fra åhlens hjalp gjorde susen! Det er jammen fint med gult i interiøret. Det fresher sånn opp:)
Og okergult er blandt mine favorittfarger! No drømmer eg om eit okergult hjørneskap, men det blir nok kanskje litt for masse.... Spørs om eg får lov til å ta den sjangsen... Hadde vore moro då!
Ellers har vi diverse prosjekter om dagen. Min mann jobber ute med å legge skifer.
Og eg snekrer no litt. Hihi...:)
Ha ein fin dag!
tirsdag 5. juni 2012
Makeover til under 1000-lappen!
I to år har vi sagt at vi skal kjøpe nye verandamøbler, men vi har liksom aldri fått ut fingeren. Enten har det vore for dyrt, eller så har det vore for stort, eller for stygt...
Men i går slo vi til! Blir så gira til å fikse ute bår det er fint vær:)
Heile forvandlinga kosta godt under tusenlappen, så eg er meget fornøgd:) (Vi har nemlig egentlig ikkje penger til utemøbler denne våren heller...)
Eg hadde aldri i min villeste fantasi trudd at vi skulle kjøpe verandamøbler på nille, men det har vi no altså gjort! Og jammen meg er eg fornøgd og! Takk nille:)
Har tilogmed sådd grønnsaksfrø ute, spennande å sjå om det blir noke av det!
Benken her fant vi i kjelleren, syns den passa fint inn.
Før:
Etter:
Her oppe nyter vi fortsatt sola. Håper den varer lenge.
Utsikten fra godplassen min på verandaen er ikkje til å klage på akkurat:)
lørdag 12. mai 2012
Penneorden ( og litt helgefrustrasjon..)
Vi har eit kontor (les: skrivepult satt i eit trapperom...) som konstant mangler skrivesaker. Kvar gang eg treng ein penn eller blyant må eg gå ned for å leite. Unødvendig!
Men kvifor har vi ikkje skrivesaker? Min teori er at vi mangler ein plass å ha skrivesakene.
Så ved hjelp av ein fiskebolleboks, spray, tape og dymo er boksen klar til bruk! No håper eg på mindre pennefrustrasjon i framtida...:)
( eg skal ha penner i boksen, men syns den tok seg bedre ut med fargeblyanter på bilde:))
Håper alle har ei fin helg!
Min lørdag har vel kanskje vore litt over på den slitsomme sia..
mann på turne, tidlig opp, trøtte og slitne barn (og mor), mislykka tur på treningsenter med mine barn( måtte gå etter 5 min pga begge slo seg vrange...),bibliotekstur (faktisk vellykka) kjøpesenter og tur med dobbeltvogn uten regntrekk i snøstorm.
puh....
Men no er mine slitne barn i seng. Legginga var ikkje noke problem for å seie det slik:)
Og eg skal ete masse sjokolade, strikke, sjå på tv og slappe av. Deilig!
Og så håper vi på ein strålande dag i morra!
mandag 7. mai 2012
Nytt møter gammelt
Ja, kvifor ikkje bli med på enda en utfordring? Kan jo ikkje skade, sjølv om det er litt skummelt... Men eg syns utfordringa til nib var så fin, så derfor hopper eg uti det. Det viktigste er jo å delta:)
Utfordringa heiter "nytt møter gammelt". Kjempegøy utfordring ettersom det er mykje gammelt som møter iallefall litt nytt her i huset.
I dag tenkte eg igjen å vise fram spisebordet, stolene og stæsjet rundt.
Bordet er fra 50 tallet ca? Fant det under "gi bort" på finn. Pussa det ned og lakka om. Digger gi bort på finn!
Stolene har eg vist fram før. Desse er kjøpt i ein antikvitetsbutikk. Dei har eg trekt om med eit stoff fra designers guild. Er veldig fornøgd med dette trekket:) Stolene blei som nye med nytt fint stoff!
Hjørneskapet er gammalt. Usikkert opphav, men eg fikk av mamma og pappa. Det hadde stått ubrukt i kjelleren i ein del år. Har egentlig lyst til å gi det eit strøk maling, men det har berre blitt med tanken....
Ny vase fra iittala
Ny kopp fra wik&walsøe. Min nye yndlingsserie...Ønsker meg det store vasen..sukk, den er så fin..
Gammel hekla duk. Usikkert opphav...
Sølvskjeer i nye glass.
Gammel arva kopp med særdeles stor affeksjonsverdi.
Nye keramikkmugger fått i bryllupspresang.
Så dette var altså mitt lille bidrag til nytt møter gammelt. Vil du sjå andre bidrag kan du gå inn her
søndag 6. mai 2012
Ein blomst og eit syltetøyglass
Tilfeldigheter gjorde av min søster som er på besøk for tida kom heim med ein blomst i går. Alltid kjekt å få blomster i huset!
Men denne blomsten var ikkje så lett å plassere i noken av mine vaser.
Derfor måtte eg finne på noke anna for å få plassert blomsten i vatn.
Dette syletøyglasset fikk gjere nytten. Er ikkje heilt perfekt dette heller, men bedre enn mine andre alternativ.
Og som en teipoman eg har blitt, blir eg alltid glad når eg finn ting å teipe. Er jo så arti med teip:)
God søndag!!
torsdag 26. april 2012
Sofaen er i hus!
I går kom sofaen vår. Eg er kjempefornøgd. Den passer perfekt inn, god å sitte i er den og.
No gjenstår berre siste rest av rommet. Litt maling, og så må vi kanskje ordne med litt oppbevaringsplass....Hm. Eg tenkte egentlig å snekre noke, men vi får sjå ka det blir til..:)
Teppet hekla eg for vel eit år sidan. Deilig teppe, hekla i eskimogarn.
Ha en fortsatt fin dag!
No gjenstår berre siste rest av rommet. Litt maling, og så må vi kanskje ordne med litt oppbevaringsplass....Hm. Eg tenkte egentlig å snekre noke, men vi får sjå ka det blir til..:)
Teppet hekla eg for vel eit år sidan. Deilig teppe, hekla i eskimogarn.
Ha en fortsatt fin dag!
søndag 22. april 2012
Familiebilder med ny vri
Det er mange fine ting med blogglandia. Noke av det er liker best er at eg får så masse inspirasjon. Fantastisk! Det er så mange flinke folk der ute som lager så utrulig masse fint! Eg lar meg imponere og inspirere kvar einaste dag:)
Desse bildene eg no har laga har eg fått fra bloggen lidenskapelse Vil du sjå korleis dess bildene er blitt til kan du gå inn her.
Veldig gøy å prøve ut nye ting!Denne måten å overføre bilder til lerret heilt nytt for meg:) No gjenstår det berre å finne ein fin plass til bildene. Trur dei egner seg bedre på veggen enn på golvet....:)
Håper alle nyter siste rest av helga!
Desse bildene eg no har laga har eg fått fra bloggen lidenskapelse Vil du sjå korleis dess bildene er blitt til kan du gå inn her.
Veldig gøy å prøve ut nye ting!Denne måten å overføre bilder til lerret heilt nytt for meg:) No gjenstår det berre å finne ein fin plass til bildene. Trur dei egner seg bedre på veggen enn på golvet....:)
Håper alle nyter siste rest av helga!
lørdag 21. april 2012
Ei lita forvandling
I dag har eg vore heime med to jenter som vi trur har vannkopper på veg...Men sjølv om dei har krevd sitt, har det blitt tid til litt hobby og:)
Denne settehylla lagde eg i sløyden på barneskulen. Vi hadde eit friprosjekt og kunne lage kva vi ville, så derfor blei denne hylla til.
Men no syns eg det var på tide med ei lita fornying av settekassa. Så med restemaling og tapetprøver syns eg resultatet blei ganske fint.
Eg er og veldig lei av å ha skitne smekker hengande framme, så dei blei degradert til fordel for nyteipa kleshengere:) Spørs vel kanskje kor lenge dei korta blir hengande på snora, men det er jo lov til å prøve:)
Men det vanskligaste gjenstår... Syns nemlig at det å finne ting å ha i settehylla ikkje er så veldig lett..Det ser så fort rotete ut...
Eg får gruble litt på det:)
Fin lørdag til alle!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















