mandag 30. juli 2012

London!

I disse OL-tider tenkte eg at det kunne passe med eit lite London innlegg. I sommar var vi ein tur i London. Eg har aldri vore der og syns byen var heilt topp!

Grunnen til at store deler av familien tok ein samla tur til London var at lillebror i familien stiller ut bilder på Saatchi gallery. Dette måtte vi få med oss. Og jammen var det stas å sjå lillebror sitt navn på den store veggen:) Og ikkje minst sjå bildene hans utstilt på annerkjente museet.


I tillegg til kunst blei det også tid til shopping, god mat og å utforske andre severdigheter i byen.
Brynjar og eg hadde ein formiddag i Notting Hill. Veldig koselig bydel.

 Og der fann vi ein klesbutikk med fine klær og verdens kuleste interiør, All Saints.
Eg blei veldig fasinert av alle dei gamle symaskinene:) Det var vanvittig mange! Stilig!


Og min mann var virkelig på storshopperen i denne butikken.

Så dersom noken ikkje har vore i London før, så anbefaler eg å dra dit. Flott by!
Eg må iallefall tilbake, fikk ikkje gjort halvparten av det eg hadde tenkt engang:)

God mandag videre!

torsdag 26. juli 2012

Herlige lapper

I sommar lagde vi noken herlige lapper på hytta til venninna mi. Ho hadde steiketakke. Kjempegøy å steike lapper på ei slik takke. Det går så fort! Ønsker meg ei slik til jul:)

Eg må berre dele denne oppskrifta på lapper, for dei var så gode!

500 g hvetemel
200 g sukker
5 dl surmelk
4 egg
2 ts natron
4 ss smeltet margarin

Verdt å prøve altså! Og har man ikkje steiketakke går det heilt fint an å steike i steikepanne. Det tar berre trippelt så lang tid..
God fornøyelse!

onsdag 25. juli 2012

Sukkersøtt sommerporsjekt

I går kom vi heim til Tromsø igjen. Det er flott med ferie, men jammen er det godt å komme heim og:)
Fin ferie sjølv om det nok har blitt litt i overkant mykje regn... men vi har no kosa oss sjølv om det!

Midt i dei dagene som det regna som værst i sommer, fann eg ut at fargevalget var viktig for heklinga mi. Trengte litt deilige og glade farger. Derfor satte eg i gang med dette sukkersøte bestemorruteteppet. Bruker eit heilt fantastisk garn. Drops ekstra fine merinoull. Kjempedeilig og mjukt!

Eg har visst lagt opp til eit stort teppe. Det tar sååå lang tid.. og koster ein formue. Tør ikkje tenke på kva sluttsummen blir..:)
Og så er det så vanvittig mange tråder som skal festas. Det trur eg faktisk er det kjedeligaste som fins. Derfor har eg tvunget meg sjølv til å feste underveis. Funker bra:)

Sjølv om det er kjedelig å feste tråder, er det veldig behagelig med eit slikt prosjekt. Slipper å tenke så masse:)

Håper alle har hatt ein fin ferie så langt!






onsdag 18. juli 2012

Bringebærgenser nr. 2 ( og litt sommerbilder)

Blir visst ikkje så masse blogging på meg om dagen, er visst inne i feriemodus på denne fronten og:)

No om dagen er vi i Jølster og koser oss masse på hytta. Jølster er min barndomsbygd og eg merker at det er utrulig godt å komme tilbake til denne fantastiske plassen. Når det er fint vær her, er det i mine auge ingen plass på jord som kan måle seg med Jølster:)

Men det var bringebærgenseren eg egentlig skulle skrive om no... Eg strikka ein lik genser i vinter. Likte mønsteret godt, så eg ga meg ut på ein lik, men med eit anna garn. Denne gangen abuelita 3 tråds garn fra Pickles. Syns faktisk at dette garnet egna seg vel så bra som angoragarnet som man egentlig skal bruke.

( hihi, det føles ikkje akkurat heilt naturlig å skulle ta slike bilder nei.. Menmen:))

Oppskrifta er fra www.pickles.no

Også litt sommerbilder, må berre legge det ut:)

 





På vei til Stryn blei vi hefta av eingjeng veldig søte og bedagelige geiter. Dei hadde det ikkje travelt:)

 

To søte jenter i blåbærlyngen

Tok meg ein kveldstur på Bjørsetfjellet. Kjempefint!

Håper alle har ein fortreffelig sommar!

 

søndag 8. juli 2012

Vognpose


Før feireturen vår fant vi ut at det var på tide med ei ny reisetrille. Den gamle var heilt utslitt og i tillegg for stor til bilen til svigers.

Så vi dro på vognshopping. Eg var innstilt på ei vogn til maks 1000 kroner. Det skulle no funke greit tenkte eg.

Då vi kom til butikken, var det ikkje eg som ombestemte meg. Men det var Brynjar som fant ut at ei reisetrille til 3000(!) kroner måtte vi ha. Han av alle mennesker skulle absolutt ha den mest fancy reisetrilla i butikken.

Veit fortsatt ike kva som gikk av han, men men fin vogn blei det:)

For å holde den nye vogna litt fresh sjølv etter flyturer og bilturer, sydde eg rett og slett ein vognpose. Den beskytter vogna sånn akkurat passe, samtidig som vi kanskje tilogmed kan ha plass til å smugle litt ekstra bagasje i posen på flyet. Men det skal vi jo sjølvsagt ikkje gjere....:) eller....


 

 

 

 

søndag 1. juli 2012

Loppelykke!


I går var eg på loppemarked på Tjøme. Eg var ute i god tid, og det var det mange andre som var og. Har aldri sett på makan til trengsel på eit loppemarked! Jammen glad eg ikkje hadde med meg unger. Det hadde faktisk vore heilt umulig. Eg fikk samme følelsen inne i lokalet som eg får på store konserter. Man står som sild i tønne. Forskjellen her var at folk ikkje stod stille, og alle gikk i forskjellige retninger... Puh..

Men eg var jammen glad at eg dro. Då eg kom inn i lokalet, stod denne fantastiske Cathrine Holm kjelen og lyste opp heile lokalet. Fikk nesten hjertebank då eg såg den. Det var 3 meter bort til kjelen, og det var så lange meter! Køa stod stille... Eg syns det var eit under at den faktisk ikkje var tatt då eg kom bort. Lykke!


40 kroner kosta kjelen. Eg er ein lite dreven loppemarked- gjenger, men eg kan ikkje skjønne anna enn at det var veldig billig, eller??

Ikkje nok med at eg fann Cathrine Holm, men ute i teltet låg denne fantastiske Jac Jacobsen lampa bortgjømt i ein krok. Eg som har ønska meg ein slik lampe lenge! Dobbeltlykke.

For denne lampa skulle dei ha 15 kroner. De var eg villig til å betale for å seie det slik:)

Fikk i tillegg til dette med meg litt soff som var heilt ok:)

Kan anbefale loppemarked på Tjøme altså! Dersom man takler folkemengder:)