søndag 28. oktober 2012

Når ikkje alt går etter planen....


Denne ullbuksa her skulle i utgangspunktet ikkje bli ei ullbukse.. Det skulle bli  skjørtebukse med rysjevest.. Eg gjorde skjørtebuksa heilt ferdig, men det viste seg at eg hadde vore litt vel utålmodig, så skjørtekanten var kommet litt for langt ned, og det såg meir ut som ein stillongs med hotpants enn med skjørt...
Men eg syns no ikkje at det var heilt krise.. Men det syntes Signe. Ho likte ikkje denne skjørtekanten. Altfor liten og ikkje gikk det an å snurre med heller! Denne skulle ho ikkje gå med! Og når ein 3 åring har bestemt er det ikkje stort å få gjort..


Skjørtekanten blei etter litt vurdering klippa av (utrulig flaks at det gikk at å berre klippe av skjørtet!)  og ho blei faktisk megafornøgd med ny stillongs:)
Og garnet som blei til overs skal brukes til ein marius-selekjole. Ein slik kjole har Signe nemlig veeeldig lyst på..:)


Jaja, så det som såg ut til å være eit heilt mislykka strikkeprosjekt ordna seg greit likevel:) No gleder eg meg til å strikke mariuskjole:)

Og eg har ikkje gitt opp skjørtebuksa. Flaks eg har ei jente til eg kan strikke til:)

Ønsker alle ein god søndagskveld!



lørdag 27. oktober 2012

Lue på 30 minutt:)

I det siste har det blitt veldig mykje strikking av store plagg. Noke som er veldig kjekt og ganske så tidkrevande.. Holder på med Mariusjakke til mannen og ullsett til Signe. Og det tar si tid...


Så i dag fikk eg endelig ånden over meg til å sy litt igjen. Og det er jammen arti når ting blir ferdig så fort!


Denne lua tok meg berre ein halv time å lage!
Og så er den varm og god i tillegg.

Det er faktisk størrelse 2 år, men viste seg å være altfor stor til minsten og tilogmed litt for stor til vår største...


Men ettersom den var så kjapp å lage er det jo berre å prøve meg på ein til som er litt mindre..:)

Mønsteret til denne lua finn du i boka Made by me. Liker denne boka så godt! Mange fine oppskrifter!




 Og her er dagens snømann! Vinteren har kommet for fullt virker det som. Jentene syns det er veldig stas!

God helg!

tirsdag 23. oktober 2012

Nok heimestrikka gensere??


Tenkte eg skulle bytte ut kjolene på klesstativet mitt med mine heimestrikka gensere.. For variasjonens skyld.. Då gikk det opp for meg at eg faktisk har strikka veldig mange gensere til meg sjølv dei siste par åra..
Og no lurer eg på.. Korleis kan eg rettferdiggjere dei minst 4 andre genserene til meg sjølv som eg har lyst på og planlegger å strikke.? Eg har jo tross alt nok. Eller??
Hm...


Trur eg må fundere litt på det.. Strikking blir jo ganske dyrt i lengden..


Men uansett er det litt koselig å ha mine strikkagensere på utsilling ei stund:)

Ønsker alle ein fortreffelig onsdag!

søndag 21. oktober 2012

Uglegenseren er ferdig!



Endelig blei denne genseren ferdig! Det tok jammen si tid.. Og det var ikkje mønsteret sin feil. Den
er forholdsvis rask å strikke. Og arti når man først kjem til uglene:)


Sjølv om det tok si tid med gensaren, er eg no veldig glad for at eg klarte å ferdigstille den. Deilig
 genser med kule ugler!
Paljettene tenkte eg å sy fast, men etter å sydd fast ein, blei eg lei og tok fram superlimen. Spennande å sjå kor lenge paljettane sitt fast...!


Og det er alltid like gøy å bli tatt bilde av....:)eh..

Mønster og garn er kjøpt i nettbutikken Strikk innom. Direkte link til genseren finn du her.

Ha ein fortsatt fin søndagskveld!

fredag 19. oktober 2012

Litt meir lys i mørket...



No har det virkelig begynt å bli mørkt her oppe i nord. Eg er ikkje så veldig plaga av mørketida, men er heilt avhengig av godt lys inne. Derfor har mange av lyspærene blitt bytta ut med lyspærer med sterkere watt og i TV-stova har vi tilogmed gått til innkjøpo av ei ny lampe.


I Tv-stova er alle farger tillatt. Så derfor blei det ei kul gul lampe her:) 
Fra kremmerhuset. Veldig fornøgd!
 

Puffen her er strikka etter oppskrift fra Pickles. Du finn oppskrifta her.

God helg!!
 

onsdag 17. oktober 2012

Signes monsterpute

På mandag ettermiddag samarbeida Signe og eg om putelaging. Og det var virkelig stas for Signe. Ho blei superglad over å få lov til å bruke min tusj til å tegne monster på stoff!

Om det skulle være tvil så er det altså to monstre. Mammamonster og babymonster. På venstreside er det gress som monstrene kan ete:)


I utgangspunktet skulle dette bli ei pute som skulle få plass i sofaen, men for Signe var det heilt naturlig at monsterputa skulle være i hennes seng. Så etter at dette bilde blei tatt endte den i hennes seng, og der har den blitt..

Men dette innlegget blir eg med i  Huset ved fjorden si utfordring; Kreativ med barn.
Vil du sjå andre flotte bidrag kan du gå inn her.


Ønsker alle ein fin onsdag!





mandag 15. oktober 2012

Lueoppskrift alà Sigrid


Det er heilt fantastisk vær i nord for tida. Vi prøver å nyte det så godt vi kan. Men sjølv om sola skinner, er det blitt veldig kaldt.
Det har rett og slett blitt luetid.  Så eg satte i gang. Brukte restegarn fra Skappelgenseren til denne lua.


 Lua er fri fantasi. Har du lyst til å lage lik blei den til på denne måten sånn ca...:)

Garn: Pickles abuelita 3 tråds( Pinne 3.5) og Vivaldi mohair.
Pinne nr. 6

Legg opp 70 masker. Strikk 1r og 1 vr i ca 4 cm.
Gå deretter over til perlestrikk.1. runde 1r og 1 vr. 2.runde 1 vr. og 1. rett. Fortsett med disse to rundene til arbeidet måler ca 19 cm.
Deretter feller jevnt over  litt masker de neste rundene. Når det er fellt ca 30 masker drar du tråden gjennom de resterende maskene.
 





Ønsker alle ein flott mandag. Med eller uten sol!

torsdag 11. oktober 2012

Fra kjole til skjørt og min yndlings bettygenser:)



Ettersom Jenny Skavlan har kommet med ny Sy om bok, tenkte eg at eg endelig skulle sy om eit av dei klesplagga som har ligget i "skal sys om bunken" i ein evighet.
 Eg innser at eg fortsatt har mykje å lære når det gjelder symaskina mi, men det er gøy å prøve seg fram! Skjørtet blei no brukandes iallefall..:)


Før var dette skjørtet ein kort tunika-kjole.



Kunne kanskje med fordel ha strøket skjørtet.. Men men:)


Dette er Pickles sin Bettygenser. Ein av mine yndlingsgensere. Liker fargen og fasongen så godt.
Oppskrifta finn du her.
Med denne genseren er eg og med i pinnekroken sin høstutfordring.
Vil du sjå andre høstbidrag, kan du gå inn her




Dagens Eira


Klokka 05.00...

Eira (sang) "ÅÅÅÅ booogie booogie boooogie!! ååå boogie boogie boo...zzz"


Ha ein flott dag!

mandag 8. oktober 2012

God morgen!


Det var så vakkert og mystisk lys no så eg følte meg nesten forplikta til å dokumentere det:)


 Når eg først er inne og blogger , viser eg fram helgas perleproduksjon:) Perling er veldig populært
 for tida.

Og her er eit av mine strikkeprosjekt for tida:) Nysgjerrig på kva det skal bli? Då kan du gå inn her å sjå:)

Ønsker alle ein riktig god mandag og ei flott veke!

fredag 5. oktober 2012

Skappel-genser nr.3 ( foto Signe 3 år...:))


 Då var  Skappel-genser nummer 3 ferdig:)  Denne skulle opprinnelig bli ein gave, men etter å ha prøvd gensaren, klarte eg rett og slett ikkje å ta den av.. Veldig deilig!

Garnet eg har brukt til denne er Pickles baby merino og Pickles silk mohair. Kombinasjonen anbefales!

Til denne Skappel-gensaren har eg brukt pinne nr. 5.5 og litt fleire masker enn i orginaloppskrifta.
Orginaloppskrifta fann eg på Maria Skappel sin blogg. Klikk her for å komme direktre til oppskrifta.


Det var litt mangel på fotograf her i huset i kveld, så Signe var så snill og hoppa inn som fotografvikar for anledninga:)

Ønsker alle ei flott helg!


 




onsdag 3. oktober 2012

To nye puter



 Vi har ein del slitne puter innsåg eg for ei stund sidan.
Er rart med det, eg blei så vant til dei gamle putene at eg ikkje la merke til kor slitne dei faktisk var...


Men oppdaga det til slutt, og no har egendelig sydd eit par nye putetrekk.
Stoffet er eit ullstoff eg hadde liggande.  Liker dette stoffet så godt! Ullkvaliteten er så fin. Syns det egner seg veldig godt til putetrekk.



For å få litt liv i putene sydde eg på eit ekorn og ein pingvin:)

 No gjenstår det å sjå kva som skjer med resten av dei slitne putene..:)

Ønsker alle ein flott onsdag!