Viser innlegg med etiketten Huset vårt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Huset vårt. Vis alle innlegg

fredag 28. september 2012

Litt oppfriskning av ein gammal krakk


Denne krakken fann eg i kjellaren. Der stod den og tok opp verdifull lagringsplass. Ettersom vi faktisk trengte ein krakk oppe, passa det glimrande å ta opp denne.


 Litt restemaling og eit påbegynt golvteppe var det som skulle til.
( irriterer meg litt at eg har glømt å klippe tråden under "teppet"....jaja)

Og slik såg den ut før...


God helg til alle som stikker innom!!

onsdag 26. september 2012

3. etasje før og etter


Her om dagen fann eg prospektet på huset vårt. Moro å sjå kor store forandringer det har blitt oppe i 3. etasje på 2 og eit halvt år:)

Før bestod denne etasjen av eit soverom ,hybel og ein gang.
No har vi to soverom, ei loftstove og kontor/ hobbykrok i gangen.




På soverommet har vi strippa alle vegger for gamal tapet, mala og satt på nye lister.
Golvet blei strippa for eit ufattelig stygt grønt golvbelegg. Under var det tregolv som vi har pussa ned og luta.


 Sommerfuglene har Signe laga i barnehagen. Syns dei var fine på veggen:)


Loftstova var eit bittelite hybelkjøkken. Det har no blitt til det beste rommet i huset. Ei fin loftstove med fantastisk utsikt. Veldig fornøgd med det nye tilskuddet til boligen vår:)

Og slik såg det ut då vi kjøpte:


Eg syns det har blitt litt bedre...:)


Ha ein strålande onsdag!

søndag 23. september 2012

Orden i hobbykroken:)






 Det å ha orden på kontoret og i sykroken er eit evig prosjekt her i huset..
Men etter å ha brukt ein del tid på å omorganisere, håper eg no det kan halde seg ryddig ei lita stund.


Garnet mitt har eg no sortert i kofferter,  håper at systemet funker... og at eg finn fleire slike kofferter snart. Rart med det, men det hoper seg opp med nytt garn heilie tida:)


Ei lita jente som også ville være med å rydde og sortere:)

Sjølv om dette rommet treng litt oppussing merker eg at eg trivest godt i dette shabby trapperommet likevel:) Særlig når det er ryddig!

Ønsker alle ein finfin søndag!






tirsdag 11. september 2012

Jenterommet del 2


I mars publiserte eg eit innlegg fra rommet til jentene. Men det var berre halve rommet, så no kjem andre halvdelen:)




Denne delen av rommet har nesten berre møbler fra Fretex. Er særdeles fornøgd med skatollet vi fann der.


Vurderer å male det, men syns det er ganske fint med svart faktisk. Og at det er knæsj rosa inni er og ganske kult syns eg:)

Så det blir nok som det er ei stund til.

Vil du sjå korleis den andre halvdelen av rommet ser ut kan du gå inn her :)

Sigrid:)



onsdag 5. september 2012

Ny helle-platting


 Min mann jobba iherdig forrige veke med å få ferdig helle-plattinga utanfor huset. Det var ikkje heilt lett. Hellene er så tynne, så det var vanskelig å få dei til å bli stabile.

Slik såg det ut under arbeid...

Til slutt blei det fint syns eg. Hellene vi har brukt, er dei som tidligere var på taket. Føles veldig fint  med gjenbruk altså:)

Til neste år skal eg luke i blomsterbedet utanfor huset også. Kan jo ikkje få til alt på ein gang heller:)




Ha ein fin onsdagskveld!

tirsdag 19. juni 2012

Litt forandring i stova:)


Har lenge tenkt på at eg skulle male hjørneskapet. Det har hatt sammme farge i 10 år så eg syns det var på tide med forandring!
Men fargevalget var vanskelig! Malte det først heilt gult, men det passa ikkje. Gulfargen blei altfor dominerande og tok heile rommet. Bestemte meg så for å male det kvitt i stedenfor, men etter at dørene fekk eitt strøk med kvitmaling syns eg faktisk at dette blei litt stilig, så derfor blir det slik ei stund iallefall.

Mitt langsiktige mål er å pusse ned heile skapet. Men det er sikkert 5 strøk med maling, så det vil nok ta ei halv evighet... Spørs om eg klarer å få gjort det med det første...:)

Før og etter...:)



I går kjøpte eg nytt teppe! Hurra! Strikketeppe. Digger det! Kjøpt på Fargerike om noken lurte:)


Veit ikkje om eg er superfornøgd med skapet, men det er uansett gøy med litt forandring!