søndag 29. april 2012

Speltboller på ein søndag


I dag har vi hatt innedag. Derfor var det perfekt anledning til prøve å bake speltboller for første gang.
Som dokke ser er bakemesteren veldig glad og ivrig for dette prosjektet!

( Forkelet ho har på seg sydde eg på barneskulen, syns det er ganske utrulig at eg har det fortsatt! Husker eg syntes at dinosaurmønsteret var heilt fantastisk flott:))


Og bollene blei jammen meg veldig vellykka! Trur eg faktisk ikkkje har fått til så luftige og fine boller før. Gøy:)
Oppskrifta til bollene står bak på melposen.
Eg kan virkelig anbefale alle å prøve speltboller!
Nam....

lørdag 28. april 2012

17. mai antrekk

 Denne kjolen var faktisk det første plagget eg strikka etter oppskrift. Først skulle det bli ei jakke, men det blei for ambisiøst , så derfor blei det et skjørt/ kjole istedenfor.
 Denne har vi brukt som festkjole/ 17.mai kjole til eldstedattera. Då Eira blei født, bestemte eg fort at også ho skulle få en slik,men den tar så himla lang tid å strikke....

 Denne har eg no brukt over eit år på. ( med MANGE pause sjølvsagt) Men no skal strikkepinnene få seg eit virkelig hardkjør, for kjolen skal bli ferdig! Berre vent å sjå:)

Og så til slutt må eg berre vise fram den ubersøte elefanten Signe (med litt hjelp av meg) perla denne veka. Ho var heime med noke vi kanskje trur var vannkopper mens eg kosa meg med feber...
Er han ikkje søt?

Håper alle har ei super helg!


torsdag 26. april 2012

Sofaen er i hus!

 I går kom sofaen vår. Eg er kjempefornøgd. Den passer perfekt inn, god å sitte i er den og.
No gjenstår berre siste rest av rommet. Litt maling, og så må vi kanskje ordne med litt oppbevaringsplass....Hm. Eg tenkte egentlig å snekre noke, men vi får sjå ka det blir til..:)
Teppet hekla eg for vel eit år sidan. Deilig teppe, hekla i eskimogarn.

Ha en fortsatt fin dag!

tirsdag 24. april 2012

Strikkepinneorden

No er eg veldig fornøgd! Tenk at eg endelig har fått orden i strikkepinnene. Herlig!!

Denne strikkepinnemappa var veldig enkel å sy, så eg anbefaler alle som har rot i strikkepinnene sine om å sy ei slik mappe. Utrulig praktisk altså.
 
Før                                                            Etter



God tirsdag!

søndag 22. april 2012

Familiebilder med ny vri

Det er mange fine ting med blogglandia. Noke av det er liker best er at eg får så masse inspirasjon. Fantastisk! Det er så mange flinke folk der ute som lager så utrulig masse fint! Eg lar meg imponere og inspirere kvar einaste dag:)
Desse bildene eg no har laga har eg fått fra bloggen lidenskapelse Vil du sjå korleis dess bildene er blitt til kan du gå inn her.



Veldig gøy å prøve ut nye ting!Denne måten å overføre bilder til lerret heilt nytt for meg:) No gjenstår det berre å finne ein fin plass til bildene. Trur dei egner seg bedre på veggen enn på golvet....:)

Håper alle nyter siste rest av helga!


lørdag 21. april 2012

Ei lita forvandling


I dag har eg vore heime med to jenter som vi trur har vannkopper på veg...Men sjølv om dei har krevd sitt, har det blitt tid til litt hobby og:)
Denne settehylla lagde eg i sløyden på barneskulen. Vi hadde eit friprosjekt og kunne lage kva vi ville, så derfor blei denne hylla til.
Men no syns eg det var på tide med ei lita fornying av settekassa. Så med restemaling og tapetprøver syns eg resultatet blei ganske fint.

Eg er og veldig lei av å ha skitne smekker hengande framme, så dei blei degradert til fordel for nyteipa kleshengere:) Spørs vel kanskje kor lenge dei korta blir hengande på snora, men det er jo lov til å prøve:)


                                                 Før                                          Etter


 Men det vanskligaste gjenstår... Syns nemlig at det å finne ting å ha i settehylla ikkje er så veldig lett..Det ser så fort rotete ut...
Eg får gruble litt på det:)

Fin lørdag til alle!

fredag 20. april 2012

Solbrilleetui

Her i nord er det heilt fantastisk vær for tida! Strålende sol kvar dag.

Solbrillene mine har derfor vore godt brukt den siste tida:) For at ikkje desse solbrillene også skal bli ødelagt i veska, har eg no sydd meg eit solbrilleetui.

Eit veldig koselig og lite syprosjekt som tok ca 15 min:) Og eg blei tilogmed fornøgd med resultatet!
Håper alle får ei strålande helg!

tirsdag 17. april 2012

Penny Pingvin

 Symaskina mi har stått og støva ned ei stund no, men i går fikk eg endelig brukt den igjen.
Og fram kom denne Pingvinputa.. Ho ser kanskje litt rar ut, men ka gjer vel det?:) Dessuten ser den kanskje meir ut som eit kosedyr enn ei pute...
Men det er ei pute altså:) Dette skal bevises når eg med denne puta blir med i fabelaktig sin utfordring denne måneden. Utfordringa heiter: favorittpute.
 Om dette er min virkelige favorittpute er eg ikkje heilt sikker på, men syns likevel at Penny Pingvin skal få lov til å delta. ( Har nemlig ingen andre puter som kunne egna seg bedre, og det er gøy med utfordringer:))
Vil du sjå andre fine puter kan du gå inn her.


P.S  Tusen takk for alle supre kommentarer eg har fått på dei siste innlegga mine! Det gjer meg så glad:)

mandag 16. april 2012

Eit stk. ferdig evighetsprosjekt:)

Endelig er det ferdig!Mitt helkeprosjekt eg har holdt på med dei siste vekene blei til slutt stort nok:)
( det er forresten ikkje heilt ferdig.. ,på undersida er det ein million tråder eg må feste..)

Dette teppet begynte som eit restegarnprosjekt, Men det viste seg å bli et garnslukprosjekt istedenfor.. Trur eg var på butikken tre ganger for å kjøpe meir garn. Men den innerste og ytterste delen av teppet er restegarn iallefall:)
 Mønsteret har utgangspunkt i Pickles sitt leiketeppe.
No skal eg sette i gang med å feste tråder, hurra:)

God mandag!

søndag 15. april 2012

Min søndag....+ eit par leggvarmere

Det er veldig mange fine ting med jobben min i Tromsø Kammerorkester. F.eks flotte konserter i går og på fredag med Nord Norges egne popstjerner. " Vårens vakreste" heitte konserten. Dei hadde valgt seg ut sine favorittsanger. Og det resulterte i ein fin konsert med mange vakre sanger! Vil du lese meir om konserten kan du gå inn her
Fri bar etterpå er og eit pluss med slike popkonserter:)
Men det meste har en bakside. Baksida her er at eg no er nødt til å sitte inne i det supre været å øve inn fleire moderne klassiske verk som vi skal spele i morra.. Arg.. Det er ikkje så himla gøy akkurat..
Men men. Må man så må man....

Men pause er lov og! Deilig å sitte i vunduskarmen å blogge litt:)
Ypperlig anledning til å vise fram mine ikkje heilt nystrikka leggvarmere og:)
Mønsteret er fra Pickles og heiter Luksusleggingser. Oppskrifta finn du her.

Disse leggingsene har eigentlig eit boblemønster. Eg veit ikkje heilt kva eg har gjort men mine bobler syns nesten ikkje.. Hm.. Merkelig!

Håper alle har en flott søndag! No skal eg prøve å intensivere øvinga slik at eg rekk å komme meg ein tur ut i sola!



torsdag 12. april 2012

Pallebord på nytt rom:)

Det nye rommet er fortsatt ikkje heilt ferdig... Men eg klarte berre ikkje å vente. Måtte sjekke ut korleis pallebordet tar seg ut på rommet.



Min mann seier eg er det mest utålmodige menneske som finnes. Og eg kan være enig, når det gjelder visse ting er eg temmelig utålmodig...:)



Eg blei faktisk ganske fornøgd med pallen min. Syns den er fin. Min mann er ikkje heilt enig... men  trur han berre må bli vant til det, så blir han nok glad i pallebordet han og!



DIY: pallebord:
Du trenger: en pall, sandpapir, fire hjul, evt maling.
Eg har brukt 1/4 pall.
Slik gjør du:
-Sag til pallen
-puss så lenge du gidder
-evt. mal
-sett på hjul.( mine hjul er kjøpt på Jula)
Ferdig:)

Ha en fortsatt fin kveld!


onsdag 11. april 2012

Nrk supers serviettblomst

Lenge har eg tenkt at det hadde vore gøy å kunne brette servietter, men det har berre blitt med tanken..
Men på mandag lærte vi jammen å brette serviettblomst på barnetv. Så fantastisk! Dette har eg no prøvd ut. Veit ikkje heilt ka eg syns om resultatet, men no kan eg iallefall å brette blomsterservietter:)

Dessuten fant eg ut at denne blomsten også kan fungere som sjokoladeskål... mmm.
Må berre reklamere litt for denne fantastiske Lindt sjokoladen. Himmelsk god!

Eg var så superheldig at eg fikk en pose Lindt sjokolade av en super kollega i dag. Gjett om eg blei glad:)Bra start etter påske!

Dersom det er noken andre som vil prøve seg på en superenkel serviettblomst er det berre å gå inn på www.nrksuper.no


mandag 9. april 2012

Påska del 3

                                       

Strålende påskevær! Herlige dager ute! Aking , ski og soling:)


Min kjære dymo har hjulpet meg å begrense oppvask av vinglass. Lurer på kva eg gjorde før dymoen var i hus..??

Her er mitt evighetsprosjekt denne påska. Trudde først at dette aldri kom til å bli ferdig, men no ser eg lys i tunnelen! Den som følger med vil forhåpentligvis få sjå resultatet i løpet av noken dager:)

Håper alle har hatt strålende ferie!


søndag 8. april 2012

Uglehals


I heile vinter har vi kun hatt ein hals til Eira. Til stor frustrasjon kvar gang den blir borte.
Den har en tendens til å forsvinne rett før vi skal ut døra...
 Så med ein hals til vil det vel være dobbelt så stor sjangse for å finne ein hals når vi treng ein...?
 Derfor sydde eg denne uglehalsen i full fart i går kveld.
Ganske fornøgd med resultatet. Syns det uglestoffet er veldig søtt:)






http://bloggurat.net/minblogg/registrere/fd619ca208ab2befe6bcf73affafb2b1d31ea397

fredag 6. april 2012

Påska del 2

 Snø, snø og enda meir snø......
 Det vanvittige snøfallet, har resultert i innedager hos oss.
Innedager kan være en prøvelse for både store og små... Men sjølv om mannen har vore på spelejobb Oslo og vi har hatt ei forkjøla lita jente her, har vi no klart å kosa oss litt inne likevel:)
 Eg trur eg må innsjå at det var litt tidlig å ta sykkelen opp av kjelleren....


 Signes påskefavoritt i år. Potetlompe med smør, sukker og kanel. Enkelt og godt! Min favoritt:Kaffe!
                                                          Herlig maleri av Signe

                                                           Signe og Eiras påskespa!




Perling er gøy! Både for store jenter, og for små jenter som egentlig ikkje får lov til å perle..


God påske videre til alle sammen!