Viser innlegg med etiketten Sy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sy. Vis alle innlegg

torsdag 31. oktober 2013

Babyforberedelser


Eg har så vidt begynt med babyforberedelser. Og i den forbindelse blir min kjære symaskin flittig brukt. Eg hadde jo ikkje symaskin då vi venta våre to første jenter, så no må eg ta igjen alt eg ikkje sydde av babystæsj til  dei to første. Og det er så arti med ny syinspirasjon. Herlighet så masse babystæsj man kan sy!

Denne stellematta er vel kanskje det eg er mest fornøgd med. Stellematta bar preg av å ha blitt flittig brukt av to barn, så den var rett og slett heilt utslitt.
Tok derfor av det gamle stoffet og erstatta det med dette kule stoffet som eg fekk av mi svigerinne som har kjøpt det i Afrika.
Det er litt stas! Syns det blei ganske kult med ei slik Afrika-stellematte!

 

Eg har og prøvd meg på en Mei Tai.  Håper eg klarer å bli komfortabel med å bruke denne! Mønsteret til denne er henta fra boka " Made by me"



Og alle babyer må vel ha eit leiketeppe?:)

Ønsker alle ein fabelaktig torsdagskveld!

lørdag 24. august 2013

Alvekjole


Forrige veke var eg på husmorferie i Stavanger. Der fekk eg bl.a. besøkt Stoff og Stil. Kjempekjekt! Fekk med meg ein del stoffer heim, og dermed er sylysten tilbake for fullt!


 Mønsteret til denne kjolen er fra boka Handmade. Kjempefin sybok med mange supre mønster!


Denne kjolen blei eg faktisk veldig fornøgd med. Har tidligere syntes det var veldig vanskelig å få kantene fine. Men denne gangen tenkte eg at eg skulle gjere det skikkelig og lese litt  om det først. Og etter å ha kikka i syhjelpen bakerst i boka,  blei det plutselig ikkje så vansklig lenger:) Merkelig...:)

Kjolen i boka har ei kake applikert på seg, så etter at Eira hadde fått auge på denne kaka, var det sjølvsagt at også hennes kjole skulle ha kake.
Så eg satte meg ned og tegna ei kake.. Mine tegne og applikeringskunnskaper er ikkje noke å skryte av, men Eira var fornøgd, så då er eg og fornøgd:)

No har også storesøster ønska seg ein slik kakekjole, flott påskudd for meg til å sitte ved symaskina enda litt til:)

torsdag 1. august 2013

Sommertunika:)


Vi er tilbake i Tromsø etter ein måned på farta. Har vore ein super ferie, men det er også deilig å komme heim. Særlig når været er så deilig og vi har ferie litt til:)


Dei siste feriedagene blir i tillegg til forsømt hus og hagearbeid brukt til solslikking,strikking og sying. Deilig!
Ettersom eg har hatt ein lang bloggpause i sommer har eg ein god del prosjekter som venter på å få komme på bloggen. Så eg starter med denne tunikaen.


Det er første gang eg har sydd ein slik, og ettersom eg har laga mønsteret sjølv blei den ikkje heilt perfekt. Litt trang i ermene.. Det skal nok fikses til neste gang eg skal sy ein slik:)
Dattera er iallefall fornøgd, og det er jo det viktigeste.


Ønsker alle ein fortreffelig torsdagskved!
Sigrid:)

onsdag 26. juni 2013

Sommerens retro-kolleksjon


Denne veka begynte ferien. Og ettersom været har vore litt dårlig, har det passa ypperlig å tilbringe tid sammen med symaskina.
Så eg har desse dagene opppgradert sommerkolleksjonen min. Heile 3 topper har eg sydd til meg sjølv.
Eg blir så glad av slike herlige retro-stoffer at eg ikkje klarte å stoppe etter ein topp..:)

 Så no er eg klar! Sommaren kan komme!

 Tusen takk for så mange koselige kommentarer på mitt forrige innlegg! Det gjer meg så glad!
Mila eg sprang i helga gikk veldig fint faktisk! Var ikkje så motivert før løpet begynte, men det viste seg å være ganske gøy ( og slitsomt..) likevel. Kom i mål med ny personlig rekord på 51 min og 30 sek:) Veldig fornøgd!
Ønsker alle ein flott onsdag!

søndag 16. juni 2013

Lett sommerbluse






Vi skal til syden i syden i sommer, og ettersom spesielt Signe sin hud ikkje tåler sol så godt, tenkte eg det kunne være greit å ha ein superlett og tynn bluse med.
Dette viste seg å ikkje være så lett å få tak i, så derfor var det berre å sy ein slik sjølv.
Her har eg brukt eit gammalt sengetøy. Dette sengetøyet er godt brukt, derfor er det veldig mjukt, lett og deilig.


Bluse nr. 1 blei litt rar i formen syns eg. Veldig vid og litt for kort til eldstejenta..
Så eg må vel kanskje prøve meg på ein til:)
Vel, det får bli litt seinere, er fortsatt eit par veker til vi drar:)


Ønsker alle ein riktig fin søndag!

søndag 2. juni 2013

Prikker er kult!


Signe hadde fått det for seg at ho skulle ha eit skjørt og ein vest akkurat som kusina har.Ettersom dette ikkje er så lett å få tak i i butikken, var det berre å sette seg ned å sy.
Tok mål av vesten til kusina og sydde noke lignande.
Skjørtet blei kun fri fantasi, og det funker sånn halveis..:)


 Men dattera er iallefall fornøgd, og eg syns det var gøy å sy dette herlige prikkesettet:)



Ser no at det har blitt veldig lite blogging i det siste. Hm.. Trur det er det fine været som gjer det. Har vore heilt magisk her i nord den siste tida!Kjempedelig med tidlig sommer!

Men sjølv om det har blitt lite blogging, har det likevel blitt masse strikking, og eg skal vise det fra snart:)
Ha ein fortsatt fin søndag!


onsdag 17. april 2013

DIY kjole!


No har eg endelig fått somla meg til å lage ein DIY på superkjolen:)
Klarer ikkje å laste opp pdf-filer på bloggen, så dersom noken vil ha mitt forsøk på tegna mønster er det berre å legge igjen mailadressa, så sender eg det på mail. Har foreløpig berre størrelse fire år nedtegna, men det er ikkje noke problem å justere mønsteret sjølv trur eg:)

Denne kjolen er faktisk ganske super.  Kjolen kan nemlig brukes både på retta og vranga. 2 i 1 liksom.
Eg syns det var litt smart:) Håper noken har lyst til å prøve seg på ein slik superkjole.

                                     På vranga                                              På retta                                          
 
Så her er altså framgangsmåten

DIY superkjole:

1. Bruk enten mitt mønster som mal, eller finn en kjole med passende størrelse og tegn av.
2. Legg stoffet dobbelt og klipp ut ut 4 deler. Inner og ytterstoff fremside og inner og ytterstoff bakside.

3. Sy sikksakk rundt alle delene.
4. Legg bakstykket og fremstykket rette mot rette og sy sammen i sidene. Gjør det samme med foret.
5. Om du vil ha bånd eller annet pynt på kjolen, kan dette syes på nå.
6. Legg den ene kjolen inni den andre. Rette mot rette
7.Legg hemper mellom stoffet i skuldrene og sy dem fast først.

8. Sy deretter kjoledelene sammen rundt hele halsen rette mot rette.

9.Vreng kjolen og sy en stikning rundt halsen.

10. Nederst på kjolen lager du en brettekant innover på både kjolen og foret og syr så en stikning rundt hele kjolen.
11. Sy på knapper



Ha ein fin kveld!







tirsdag 16. april 2013

Sommerkjole

 Signe hadde eit ønske om å få ny sommerkjole. Den skulle være rosa. Eg fikk derfor ei god unnskyldning til å sitte ved symaskina ei stund. Veldig trivelig. Symaskina har nemlig ikkje vore så masse i bruk i det siste... Men no når sommersesongen snart er her tipper eg den blir brukt meir aktivt:)



Eg blei faktisk veldig fornøgd med fasongen på denne kjolen. Ofte blir halsåpningen enten litt for stor eller for liten. Men denne gangen klarte eg det på første forsøk:)Hurra!

Ønsker alle ein finfin tirsdag!

lørdag 9. mars 2013

Morokjoler


Disse morokjolene har det blitt ein del av etter kvart. Jentene elsker desse kjolene ( og det syns jo eg er kjempearti!) Trur det er en kombinasjon av rosa, hjerter, snurrefunksjon og deilig stoff som dei små faller for. Og så er det jo så moro med morokjole!


 Kjolene er veldig enkle å sy, kanskje eg skal komme med ein liten DIY på desse kjolene.Hm..:)




Ønsker alle ein moro lørdag!

tirsdag 5. februar 2013

Ullputedilla


 Eg har blitt veldig glad i ullputer. Dei er så mjuke, varme og fine. Så det har blitt nokre slike den siste tida. Og desse ullputene er virkelig favorittputene her i huset. Vel, iallefall mine favorittputer. Mannen kan ikkje skjønne kva vi skal med alle desse putene, og syns dei er meir i veien enn til nytte.. Kan ikkje skjønne det!
I går sydde eg ei pute som fikk seg ein liten heklavri. Hadde to bordskånere til overs. Syns det blei trivelig pynt på puta:)




Og eg har mange fleire puteprosjekt på lager. Nytte eller ikkje nytte. Eg syns iallefall det er koselig og fint med mange puter!

Ha ein fin kveld:)


torsdag 31. januar 2013

Eldgamal data med ny veske!




Eg prøver i det lengste å bli venn med den eldgamle dataen min.  Den får ein sjangse til. Denne gangen med ny veske og ny positiv innstilling fra meg.
Det gjer vel ingenting at dataen er treig, tung og ødelagt så lenge den har ei fin veske.. Eller?
Verdt eit forsøk iallefall:)


Ønsker alle ein fin kveld!

onsdag 16. januar 2013

Søt smykkeveske til søt jente


Min 9 år gamle niese hadde bursdag i går. Og ettersom vi hadde gått til innkjøp av smykker og stæsj til henne i bursdagspresang, syns eg det var på sin plass at ho fekk noke ho kunne ha alle smykkene sine i.

Så ei lita stund før vi skulle dra i selskap, sydde eg ei smykkeveske til henne.
Enkel og kjapp vekse å sy. Anbefales!
Oppskrifta er henta fra boka Made by me.




onsdag 12. desember 2012

Stjerneskjørt


Her er to av årets nylagde julegaver.
Mine to små er modeller for anledningen og blei ikkje lite skuffa då det blei klart at dei ikkje fikk beholde skjørta sjølv..

 
Får vel kanskje sy eit par til til mine egne etter jul:)


Veldig enkle skjørt å sy.
To rektangler og linning i riktig størrelse. Og skråbånd nederst.
Jo lenger rektangel, desto bedre snurr på skjørtet! Og det er viktig:)


God onsdag!

tirsdag 20. november 2012

Årets første julekjole er ferdig


 Då var Signe sin julekjole ferdig:)
Har lenge lurt på kva eg skulle bruke dette kule stoffet til, blei veldig glad når julekjoleideen kom opp. Syns stoffet passa supert. Akkurat passe julete:)

No skal eg prøve å få sydd ein til til Eira og.

Ha ein fin kveld!




fredag 9. november 2012

Fra singlet til prinsessekjole


Det er veldig gøy å sy om klær!
Og så får eg så god samvittighet av det! Det å gjære nytte av klær som ikkje har vore brukt på ei evighet er ein veldig god følelse.
Og når mottakeren blir glad, så er det jo enda bedre.


Denne singletten har hengt i skapet i mange år, men har ikkje klart å kaste den eller gi den bort fordi stoffet er så fint.
Då var det glimrande å sy kjole av den.  Eller prinsessekjolen som Signe kaller kjolen.


 

Signe var med på kjoledesignen, ho fikk velge både lengden på kjolen og at det skulle være ei stjerne på. Trur ho syntes det var veldig stas:)

Ønsker alle ei flott helg!!