Viser innlegg med etiketten barnekle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barnekle. Vis alle innlegg

fredag 21. september 2012

Skappel-genser "mini"





Eg har virkelig kommet på Skappel-genser kjøret.... Denne gangen var det Eira sin tur til å få seg ny genser.


Denne er strikka i Pickles 3 tråds abuelita garn og Pickles Silk mohai. Liker kombinasjonen!


 Dette er eit av mine mange restegarnprosjekter for tida. Og som vanlig  blei det for lite garn.. Heldigvis hadde Pickles meir Silk Mohair igjen, så det ordna seg:)

Oppskrifta til denne genseren finn du her

Ønsker alle ei fortreffelig helg!


søndag 16. september 2012

Høstjakke

                                                 " Jakken er nem og hurtig at sy"

Dette er beskrivelsen av jakka i boka.
Dette måtte da være jakka for meg akkurat no. Har ikkje sydd på ei stund, så følte at eg måtte starte litt enkelt.. Men.... eg syns ikkje denne var spesielt enkel. Sikkert superenkel for dei som er flinke til å sy, men eg knota i overkant mykje.



Og det skråbåndet.. huff.. Kanskje ikkje eit sjakktrekk med elastisk egetlaga skråbånd.... men eg syntes stoffet er fint og det passa til jakka, så derfor måtte eg berre.
Eg må  må sy denne jakka igjen, for eg trur faktisk den er lett å sy gang nummer to....



Men uansett, er fornøgd med resultatet. Jakka var egentlig tenkt til Eira, men ermene blei for lange , så Signe har fått den istedenfor. Ho er veldig fornøgd.


" Å , Mamma! Denne jakka var så fin. Og sååå deilig! Så deilig med mykt stoff inni! Og så stilig med stoooore knapper"

Det er alltid trivelig med gode tilbakemeldinger:)


Oppskrifta til denne jakka er fra ei fantastisk bok fra 70 tallet.

"Børnetøj du selv kan sy 0-4 år" av Elsebeth Gynther og Bjarne Solberg.

Boka kan kjøpes her.

 Ønsker alle ein fin søndag!

PS. I går stakk eg tilfeldigvis innom eit loppemarked. Urutinert som eg er, hadde eg ikkje tenkt på å ha med kontanter. I lommeboka hadde eg 3 kroner. I morra skal eg vise kva eg fekk for desse verdifulle kronene:)

torsdag 6. september 2012

Høstlue



Det har blitt veldig lite tid med symaskina i det siste. Tida eg har brukt med min kjære maskin har stort sett blitt brukt til å reparere kle.. Og det er ikkje så veldig moro akkurat..
Men nokre luer har det blitt. Og det er faktisk ganske gøy å sy luer. Det går så fort og greit:)



Mønsteret på denne lua er fra den flotte bloggen fargebarn. Og om du vil komme direkte inn på mønsteret kan du klikke her


Det var ikkje særlig lett å ta bilder av luemodellen min i dag. Mykje gøyere å gå i trapper enn å bli tatt bilde av..:)

søndag 17. juni 2012

Sommerbukse



 

 Sommeresyinga er virkelig i gang!Det er så kjekt!
Har mange prosjekt eg allerede har satt i gang og enda fleire eg har lyst å begynne på...  Syns det er supert å ha mange prosjekt på gang, men no blir eg samtidig ein smule stressa. Om ei veke reiser vi sørover for sommaren og då burde sommergarderoben være ferdig...:)



Men noke har eg klart å bli ferdig med. Denne sommerbuksa sydde eg i går kveld. Signe fikk også denne gangen sjølv velge stoff:)

Mønsteret er henta fra boka" Sy til barn"
Til strikk i livet og på beina har eg brukt elastisk undertråd. For ein oppfinnelse. Superfornøgd!
takk til barbros lille atelier som tipsa om bruk av elastisk undertråd!

Ha ein fortsatt fortreffelig søndag!



torsdag 14. juni 2012

Enda ein kjole...


Har visst fått litt kjoledilla. Det er så gøy! Jammen flaks eg har jenter som også elsker kjoler!
 Denne gangen har eg sydd ein dynetrekkjole:)
Stoffet fikk eg av mamma. Takk takk! Syns det er veldig fint!

Driv og tenker på om eg skal legge ut ein DIY av kjolen med mønster.. Kanskje i helga:)




Ønsker alle ein fortreffelig torsdag!

Eg har klart å lure mannen med meg på sykkeltur i dag. Vindstille og fint vær, så dette må bli bra!

mandag 4. juni 2012

Signes sommerkjole


Signe er blitt ei skikkelig kjolejente. Ho har to favorittkjoler.
Den eine er ein kjole kjøpt på salg på cubus for 30 kroner. Viss du vil sjå den kan du gå inn her .Den andre er ein kjole eg har sydd som eg faktisk ikkje har vist fram på bloggen. kanskje eg skal vise den fram snart...
Men uansett, eg følte at det var på tide med ein ny kjole. Om ikkje Signe er lei sine to favorittkjoler, begynner eg å bli det. På tide med litt variasjon!

Så for at Signe faktisk skulle gå med den nye kjolen, fikk ho sjølv velge stoff. Eg syns ho var ganske flink:)

Mønsteret tegna eg sjølv, den blei altfor stor i halsen, så eg sydde den sammen. Blei ikkje heilt vellykka, men pytt...

Virker som Signe liker kjolen iallefall, ho har faktisk hatt den på i heile dag, og det er eit bra tegn!

Ha ein fortsatt fin mandag!

onsdag 23. mai 2012

Gardinkjole



Vi er på Tjøme om dagen. Hadde aldri forestilt meg at det skulle bli tropevarme her! Vi har pakka langarma bodyer og ullstrømpebukser. Derfor leita eg litt i skapet til mamma. Og eg fann to fantastiske gardiner! Lykke! Syns stoffet er heilt fantastisk, og tenk at eg no har to gardinlengder av det. Dobbeltlykke!

 Har ikkje peil på kor eller når det er fra, men nytt er det iallefall ikkje.. Det blei ein kjole på gefylen. Halsrigninga blei litt for stor, men ellers er eg fornøgd. Deilig og lett i denne varmen.

 Hurra for sol og sommer!

mandag 14. mai 2012

Og enda noken smekker:)



At noken ønsker seg noke som eg syr, er veldig stas!  No har eg sydd ei smekke til min niese og ei smekke til sønnen til min kollega. Håper dei blir fornøgde:)
Smekker er gøy, raskt og enkelt å sy.
 Det som er litt vanskelig er å tegne opp eit velfungerende mønster. Smekka under er eg redd blei litt for liten til min niese som skal ha den.. hm... God unnskyldning til å sy enda ein!

 Min søster ønska seg i ei strikkepinnemappe, så når eg først skulle sende ei smekke sørover, kunne eg like gjerne sy ei strikkepinnemappe i samme slengen.

Min søster Ingunn sine strikkemerkelapper heiter strikkINGS. Syns det derfor var veldig så naturlig at mappa heiter strikkINGSpinner..:)





Ellers så begynner eg å innsjå at 17. mai er berre eit par dager unna. Begynner kanskje å bli på tide å bli ferdig med 17.mai kjolen til Signe ??
Bør vel også sjekke til bunaden om ikkje så lenge, håper den er i grei stand...Like spennande kvart år om alt er som det skal. og ikkje minst om eg finn alt stæsjet som hører til.
Jaja, ordner seg vel:)


Håper alle har ein fortreffelig mandag!




fredag 2. mars 2012

Vårlig blomster smekke

Sjølv om det så absolutt ikkje er vår her oppe i nord, går det an å få inn litt blomstermønseter likevel. Mitt vårbidrag til heimen, er altså denne smekka/ forkle.
Er faktisk veldig fornøgd. Mønsteret tegna eg av et forkle eg hadde fra før. (takk Cissi!)
Eg syns det blei veldig søtt!
Forkleet er sydd i voksdukstoff fra Åhlens.
I morra kjem smekke nummer to! Eg var nemlig heime med ei sjuk lita jente i dag, så mens ho sov bort halve dagen, fikk eg litt bonustid med symaskina:)
Det er ikkje å forakte!

                                                      Ha en flott fredagskveld!

torsdag 9. februar 2012

Siklesmekker

 Eg har hatt en masseprosuksjon av siklesmekker i det siste.
Har brukt restestoffer og stoff fra en gammel genser. Så for å gjere siklesmekkene litt finere, applikerte eg på pingviner.
Desse pingvinene var skikkelig pirkearbeid. Eg lurer på ka man skal gjere for å få til nebb og auge på en bra måte. Hm...
Men sjølv om noken av pingvinene blei litt rare i utrykket, blei dei no ganske søte likevel:)
Problemet no er berre at velsejenta ikkje sikler så masse lenger. Så no sitt eg no her med en haug smekker uten eier..
Kanskje eg  kan få gitt dei bort til noken andre..:)

lørdag 4. februar 2012

Hekla jakke og lue

 Denne hekla jakka har nesten ikkje vore brukt. Det er et av dei plagga som vår stae lille datter har funne ut at ho ikkje vil gå med...jaja, godt vi har ei som kan arve den etterkvart:)
Lua bruker ho og er veldig glad i, så det er jo bra!
Men om ikkje Signe syns den er fin, liker eg denne jakka godt! Syns den blei kjempesøt. Den er hekla i babyalpakka, så det er veldig mjuk og god.

Mønsteret ligger som gratismønster på www.dropsdesign.no





lørdag 31. desember 2011

Bursdagssett:)

Vår minste jente har bursdag på lillejulafta. For at ikkje bursdagen hennes skulle bli altfor prega av jula, blei det pynta med skikkelig bursdagspynt. Og til dette trengte jo velse Eira skikkelig bursdagsbekledning og. Så på kvelden den 22. desember satte eg meg ned for å sy bursdagsantrekket.
Og jammen blei det ferdig!
Settet er sydd i babycord og mønsteret er inspirert av et mønster i "sy magasin"





søndag 2. oktober 2011

Ulldress

Denne ulldressen var et stort prøveprosjekt for meg. Mønsteret tok eg fra nøstebarn sin ullfleecedress. Det funka overraskende bra. Ullstoffet er ganske mjukt og , så trur det er ok å gå med. Ikkje like mjukt som nøstebarn sin ullfleece men..
Sømmen rundt glidelåsen blei ikkje så fin, så prøvde å rette opp mine feil med en hjertekant rundt. Det hjalp litt:)


Omslagsjakke

 Denne oppskrifta likte eg! Forhåpentligvis blir det fleire slike jakker.
Det var litt mange deler,så eg syns det tok litt vel lang tid å sy, men men .
Det går kanskje fortare når eg blir litt meir dreven på å håndtere symaskina:)
Arti var det iallefall å få til ei jakke:) Mitt mest avanserte prosjekt til no!

søndag 25. september 2011

Snekkerbukse

 Denne snekkerbuksa syns eg er heilt herlig. Sydd i lett dongristoff, så den er lett og ledig å ha på. Det inbiller eg meg iallefall:)
Innerstoffet er kjøpt på Åhlens. Rester tsom eg hadde igjen fra et lappeteppe. Syns det funka bra.
Og det som er topp, denne buksa kan brukes lenge. Justerbare knapper er flott!