mandag 31. desember 2012

Tilbakeblikk 2012

Og så var nesten 2012 over..
Dett var dett.. Flott år har det jammen meg vore!
Så ettersom vi om få timer skal inn i eit nytt år, syns eg det er på sin plass med eit lite tilbakeblikk i min lille blogg.

Og når eg ser tilbake, blir eg nesten overraska sjølv over kor mykje eg faktisk har blogga og ikkje minst kor mykje eg har laga...! Har eg eigentlig tid til det...?:)

Men eg syns iallefall det er verdt all den tida det tar både å blogge, strikke og sy. Det er jo så gøy!
Og tusen takk for alle kommentarer dokke legg igjen hos meg. Det gjer meg så glad!
Og ikkje minst, tusen takk for all super inspirasjon det er der ute i bloggverdenen! Utrulig arti å følge med på så mange flinke bloggedamer der ute!

Så her er altså mitt lillle tilbakeblikk:)






 Årets hushøgdepunkt er utvilsomt nytt flott rom i huset! Superfornøgd med vår "relaxing lounge" :)
Innredningen bærer  preg av heklatepper og heimesnekra møbler:)



 I vinter blei eg bitt av enda ein Arne&Carlos trend og eg strikka mi første strikkedukke. Har fortsatt planer om fleire, men får no sjå kva det blir til:)


 I løpet av året har det blitt ein del slike strikkepinneetui. Veldig fornøgd med designen på desse etuia. Berre dumt at dei er så innmari kjedelige å sy...:/


 Slike kjoler har og vore ein gjenganger dette året. Mønsteret har eg tegna sjølv. Liker godt denne enkle formen. Veldig kledelig , samtidig som den er lett å variere. No er eg på jakt etter nye stoffskatter å sy fleire slike kjoler av:)
Kjolen på blidet er fra eit gammalt sengetøy eg fann i skapet til mamma.


 Skappelgenseren!
Som alle andre strikkeentusiaster i landet, blei også eg revet med på Skappel-bølgen. I alt blei det 4 Skappel-gensere. Og eg har vel planer om å prøve meg på Skappel-jakka etterkvart og...:)


 Endelig har eg sydd jakke! Hadde aldri trudd at eg noken gang skulle klare å sy ei ytterjakke. Men etter ein del knoting, blei den faktisk ganske fin:)


 Eg har funne ut at sjølv om eg har mange heimestrikka gensere allerede, er det alltid behov for nye!


Mariusdilla!
Etter at eg fekk Mariusboka til bursdagen min i september, har det blitt noken av disse genserene.
Mariusstrikk er så gøy!

Ønsker alle eit godt nyttår!
Og så satser eg på eit nytt flott bloggeår i 2013!







lørdag 29. desember 2012

Enda ei flettelue:)

Det blei noken av desse luene under juletreet i år. Denne røde lua var det storesøster som fekk. Syns denne fargen er så fin.

Oppskrifta er inspirert av Marte Helgetun sin flettelueoppskrift. Www.martehelgetun.no

Ettersom min flettelue forsvann på flyplassen to dager etter at den var ferdig, blir eg nok nødt til å strikke enda ein. Men må vente litt. Er ein smule lei av å strikke desse luene no...:)

Ønsker alle ein flott lørdag!



fredag 28. desember 2012

Årets julekjoler

Etter å ha sydd ein kjole kunne eg like gjerne sy to til. Så i år blei det like julekjoler på Signe, Eira og kusine Inga sofie.

Syns dei var veldig søte i like kjoler:)

Ha ein fortsatt fin kveld!

tirsdag 25. desember 2012

Mariusjakke til lillebror



I år  blei det ein litt ekstravagant gave til lillebror. Trur kanskje eg var meir spent på gaven til han enn han var sjølv. Men jakka passa, og vi er begge fornøgd med resultatet:)

Og etter ha fått litt instrukser fra fotografbroren min, syns eg jammen at bildene mine har blitt bedre og:) ( no skal det kanskje nevnes at det var han som stilte inn kameraet og redigerte bildene...)

Syns denne oppskrifta er veldig bra, men syns det er vanskelig å få glidelåsen fin... På denne brukte eg tre forsøk, på sist jakke fire...





Håper alle har ei flott julefeiring!

onsdag 19. desember 2012

God jul Tromsø!


I dag har eg vore ute og hogga "juletre" i hagen! Syns vi må pynte litt til jul sjølv om vi skal reise bort. Er jo ein skam å ikkje ta fram julekulene:)


 I ettermiddag går ferden til Tjøme. Gleder meg til å feire jul med familien i år. Og så skal det bli godt å sjå sola igjen!





onsdag 12. desember 2012

Stjerneskjørt


Her er to av årets nylagde julegaver.
Mine to små er modeller for anledningen og blei ikkje lite skuffa då det blei klart at dei ikkje fikk beholde skjørta sjølv..

 
Får vel kanskje sy eit par til til mine egne etter jul:)


Veldig enkle skjørt å sy.
To rektangler og linning i riktig størrelse. Og skråbånd nederst.
Jo lenger rektangel, desto bedre snurr på skjørtet! Og det er viktig:)


God onsdag!

søndag 9. desember 2012

God 2. søndag i advent!





Ønsker alle ein fortreffelig søndag!
No er vi endelig ferdig med helgas jobbing. Skal bli herlig med ein rolig kveld inne!





fredag 7. desember 2012

Strikkestress

Kvar haust bruker eg å tenke at eg ikkje treng å strikke og sy gaver til alle..


Men det er eit eller anna som skjer kvar november. Plutselig får eg så mange ideer som eg berre mååå lage.
Og har eg strikka ei gave, så er eg på kjøret..
Og det er eg no.
Strikkestress de luxe.

Har ikkje tall på alle prosjekta eg holder på med samtidig no, men det er ein god del...
Om alle blir ferdig til jul, det tviler eg sterkt på. Men mykje kan skje på 17 dager.
Det som er litt dumt er at det er så mange andre ting som og skal skje på desse verdifulle 17 dagene..



 

Jaja, eg strikker no i vei, og så får det heller være noken halvferdige presanger under treet i år:)
Det er uansett veldig arti å strikke, og det er jo veldig bra å ha noke å strikke på i romjula:)

God helg!
Hos oss er det premiere på Tornerose i kveld. Så her blir det ballettforestillinger heile helga.
Koselig og litt slitsomt:)

torsdag 6. desember 2012

Dagens Eira


Eira ( snart 2): " Nei.mamma! Ikke spise no. Ryddetid først!

Det er strenge krav fra 2-åringen her i huset:)

( Er litt rolig på bloggen min om dagen. Dete skyldes ein ikkje så rolig tilværelse ellers.. :)Kjem sterkere tilbake seinere!)

Ønsker alle ein fin dag!

søndag 2. desember 2012

Enda ein mariusgenser:)


Enda ein mariusgenser. Og denne gangen til meg! Hurra!
Og eg er faktisk veldig fornøgd med denne genseren. Kjempedeilig!
Garnet eg har brukt er dobbel tråd med drops alpakka. Og ettersom garnet er på tilbud for tida, blei ikkje genseren så dyr. ca. 350 kroner. Anbefales.

(Må innrømme at det var bittelitt kaldt å teste sjølvutløseren på kaeraet i 10 minus, men har lenge tenkt på at eg må blogge om genseren, så det var verdt det.)



Ønsker alle ein flott søndag!