fredag 7. desember 2012

Strikkestress

Kvar haust bruker eg å tenke at eg ikkje treng å strikke og sy gaver til alle..


Men det er eit eller anna som skjer kvar november. Plutselig får eg så mange ideer som eg berre mååå lage.
Og har eg strikka ei gave, så er eg på kjøret..
Og det er eg no.
Strikkestress de luxe.

Har ikkje tall på alle prosjekta eg holder på med samtidig no, men det er ein god del...
Om alle blir ferdig til jul, det tviler eg sterkt på. Men mykje kan skje på 17 dager.
Det som er litt dumt er at det er så mange andre ting som og skal skje på desse verdifulle 17 dagene..



 

Jaja, eg strikker no i vei, og så får det heller være noken halvferdige presanger under treet i år:)
Det er uansett veldig arti å strikke, og det er jo veldig bra å ha noke å strikke på i romjula:)

God helg!
Hos oss er det premiere på Tornerose i kveld. Så her blir det ballettforestillinger heile helga.
Koselig og litt slitsomt:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)