søndag 28. oktober 2012

Når ikkje alt går etter planen....


Denne ullbuksa her skulle i utgangspunktet ikkje bli ei ullbukse.. Det skulle bli  skjørtebukse med rysjevest.. Eg gjorde skjørtebuksa heilt ferdig, men det viste seg at eg hadde vore litt vel utålmodig, så skjørtekanten var kommet litt for langt ned, og det såg meir ut som ein stillongs med hotpants enn med skjørt...
Men eg syns no ikkje at det var heilt krise.. Men det syntes Signe. Ho likte ikkje denne skjørtekanten. Altfor liten og ikkje gikk det an å snurre med heller! Denne skulle ho ikkje gå med! Og når ein 3 åring har bestemt er det ikkje stort å få gjort..


Skjørtekanten blei etter litt vurdering klippa av (utrulig flaks at det gikk at å berre klippe av skjørtet!)  og ho blei faktisk megafornøgd med ny stillongs:)
Og garnet som blei til overs skal brukes til ein marius-selekjole. Ein slik kjole har Signe nemlig veeeldig lyst på..:)


Jaja, så det som såg ut til å være eit heilt mislykka strikkeprosjekt ordna seg greit likevel:) No gleder eg meg til å strikke mariuskjole:)

Og eg har ikkje gitt opp skjørtebuksa. Flaks eg har ei jente til eg kan strikke til:)

Ønsker alle ein god søndagskveld!



2 kommentarer:

  1. Kjempefine farger i ullbuksa di!
    Bra det løyste seg til slutt :O)
    når ei 3 år gammel dame har bestemt seg er det bare å gi seg :O)
    nina

    SvarSlett
  2. Bestemte 3 åringer er ikke så lett å få snudd, så det var jo supert å ordne på strikketøyet i stedet! Da var jo ullbukse i artige farger i boks, og strikkingen ikke forgjeves. Hun blir nok god og varm i denne:)

    SvarSlett

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)