søndag 8. juli 2012

Vognpose


Før feireturen vår fant vi ut at det var på tide med ei ny reisetrille. Den gamle var heilt utslitt og i tillegg for stor til bilen til svigers.

Så vi dro på vognshopping. Eg var innstilt på ei vogn til maks 1000 kroner. Det skulle no funke greit tenkte eg.

Då vi kom til butikken, var det ikkje eg som ombestemte meg. Men det var Brynjar som fant ut at ei reisetrille til 3000(!) kroner måtte vi ha. Han av alle mennesker skulle absolutt ha den mest fancy reisetrilla i butikken.

Veit fortsatt ike kva som gikk av han, men men fin vogn blei det:)

For å holde den nye vogna litt fresh sjølv etter flyturer og bilturer, sydde eg rett og slett ein vognpose. Den beskytter vogna sånn akkurat passe, samtidig som vi kanskje tilogmed kan ha plass til å smugle litt ekstra bagasje i posen på flyet. Men det skal vi jo sjølvsagt ikkje gjere....:) eller....


 

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)