mandag 30. juli 2012

London!

I disse OL-tider tenkte eg at det kunne passe med eit lite London innlegg. I sommar var vi ein tur i London. Eg har aldri vore der og syns byen var heilt topp!

Grunnen til at store deler av familien tok ein samla tur til London var at lillebror i familien stiller ut bilder på Saatchi gallery. Dette måtte vi få med oss. Og jammen var det stas å sjå lillebror sitt navn på den store veggen:) Og ikkje minst sjå bildene hans utstilt på annerkjente museet.


I tillegg til kunst blei det også tid til shopping, god mat og å utforske andre severdigheter i byen.
Brynjar og eg hadde ein formiddag i Notting Hill. Veldig koselig bydel.

 Og der fann vi ein klesbutikk med fine klær og verdens kuleste interiør, All Saints.
Eg blei veldig fasinert av alle dei gamle symaskinene:) Det var vanvittig mange! Stilig!


Og min mann var virkelig på storshopperen i denne butikken.

Så dersom noken ikkje har vore i London før, så anbefaler eg å dra dit. Flott by!
Eg må iallefall tilbake, fikk ikkje gjort halvparten av det eg hadde tenkt engang:)

God mandag videre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)