lørdag 12. mai 2012

Penneorden ( og litt helgefrustrasjon..)


Vi har eit kontor (les: skrivepult satt i eit trapperom...) som konstant mangler skrivesaker. Kvar gang eg treng ein penn eller blyant må eg gå ned for å leite. Unødvendig!
Men kvifor har vi ikkje skrivesaker? Min teori er at vi mangler ein plass å ha skrivesakene.
Så ved hjelp av ein fiskebolleboks, spray, tape og dymo er boksen klar til bruk! No håper eg på mindre pennefrustrasjon i framtida...:)

( eg skal ha penner i boksen, men syns den tok seg bedre ut med fargeblyanter på bilde:))

Håper alle har ei fin helg!

Min lørdag har vel kanskje vore litt over på den slitsomme sia..
mann på turne, tidlig opp,  trøtte og slitne barn (og mor), mislykka tur på treningsenter med mine barn( måtte gå etter 5 min pga begge slo seg vrange...),bibliotekstur (faktisk vellykka) kjøpesenter og tur med dobbeltvogn uten regntrekk i snøstorm.
puh....
Men no er mine slitne barn i seng. Legginga var ikkje noke problem for å seie det slik:)
Og eg skal ete masse sjokolade, strikke, sjå på tv og slappe av. Deilig!

Og så håper vi på ein strålande dag i morra!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)