torsdag 31. oktober 2013

Babyforberedelser


Eg har så vidt begynt med babyforberedelser. Og i den forbindelse blir min kjære symaskin flittig brukt. Eg hadde jo ikkje symaskin då vi venta våre to første jenter, så no må eg ta igjen alt eg ikkje sydde av babystæsj til  dei to første. Og det er så arti med ny syinspirasjon. Herlighet så masse babystæsj man kan sy!

Denne stellematta er vel kanskje det eg er mest fornøgd med. Stellematta bar preg av å ha blitt flittig brukt av to barn, så den var rett og slett heilt utslitt.
Tok derfor av det gamle stoffet og erstatta det med dette kule stoffet som eg fekk av mi svigerinne som har kjøpt det i Afrika.
Det er litt stas! Syns det blei ganske kult med ei slik Afrika-stellematte!

 

Eg har og prøvd meg på en Mei Tai.  Håper eg klarer å bli komfortabel med å bruke denne! Mønsteret til denne er henta fra boka " Made by me"



Og alle babyer må vel ha eit leiketeppe?:)

Ønsker alle ein fabelaktig torsdagskveld!

mandag 21. oktober 2013

Komono-oh!


Endelig er den ferdig! Er kjempefornøgd med min nye kimono-oh! Syns fargen er spesielt fin!
Litt kjedelig å strikke, men det var absolutt verdt strikkestrevet:) Dessuten passer den som gravidejakke og! Veldig kjekt!

Men.. hadde litt trøbbel underveis. Skjønte fort at det var noke som ikkje stemte med garnmengden. Enten så har eg rota bort garnet, eller så har eg fått for lite. Ikkje godt å seie. Men då eg skulle begynne på beltet var det iallefall nesten tomt for silk mohair.. Kjedelig..Men med dobbel tråd tweed, enkel tråd silk mohair og pinne nr. 7 holdt det akkurat til eit belte. Flaks! Kunne nok vore litt lenger men men.. Det funker!


Mønsteret til denne jakka er fra pickles. Og mønsteret på jakka finn du her


Ettersom eg syns jakka er fin åpen og har eg valgt å ikkje lage hemper til beltet.


No er eg forresten inne i 3. trimester. Det er stas! Er ikkje så altfor lenge til vi har ei lita her no:)
Ønsker alle ei flott veke!

fredag 11. oktober 2013

Det første jenterommet er ferdig:)


Det har tatt tid, men jammen har det vore verdt det!
Syns det nye jenterommet har blitt kjempekoselig. Signe er og veldig fornøgd, og det er jo det aller beste.
Det er eit lite rom. 7 kvadratmeter med skråtak, men det funker bra likevel. Foreløpig er det nok plass til alle hennes ting.


Skatollet vi kjøpte på fretex for eit par år sidan har også fått seg ein løft. Restemaling er kjekt å ha:)


 Eg er mektig imponert over mannen som har satt inn desse takvinduene sjølv! Det ser jo heilprofft ut jo!


Dukkeklærne har vi fått i gave, og har fått ein fortjent hedersplass. Tenk å strikke så fine dukkeklær då!

Her har eg vaska hus i dag, så no er det klart for helg! Det blir deilig!
Ønsker alle ein flott helg!

søndag 6. oktober 2013

Erliksant bolero


Eg har nettopp hatt 30-års dag. Stas! Av min søster fikk eg garn til å strikke denne boleroen. Veldig fornøgd med gaven altså!!
Den er strikka på pinne 7 og blei ferdig på nokre dager. Så deilig å ha prosjekt innimellom som ikkje tar altfor lang tid:)


Oppsktifta og garnet er som sikkert mange veit fra pickles :) Dei kjem altså med så mange fine oppskrifter heile tida..! :) Ein anna bursdagspresang eg fekk var kimono-oh. det tar litt lengre tid å strikke. Gleder meg veldig til å få den ferdig!

Her ser dokke eit lite sniktitt av det nye rommet til Signe. Det er endelig heilt ferdig! Juhu! No er det kun rommet til Eira( og den nye babyen) som gjenstår. Puh.. tar tid med oppussing gitt. Skal snart vise det ferdige resultatet:)

Ønsker alle ein fortreffelig søndag!

mandag 23. september 2013

Romslig og deilig jakke


Og endelig er eg i gang med blogging etter ein lang og bloggelaus periode, men no trur eg at eg er i gang igjen!
Og tusen takk for kjempekoselige kommentarer på mitt forrige innlegg! Det er så hyggelig!
Denne jakka er strikka etter egen nesten frie fantasi. Må innrømme at eg var litt inspirert av skappeljakka då eg starta på denne jakka.
Garnet eg har brukt er Pickles tweed og drops kidsilk.  Flott kombo syns eg!


Det som er eit pluss med denne jakka er at den er veldig romslig. God plass til ein voksende mage:) I januar venter vi vår tredje jente og vi gleder oss masse! Stor stas!

( Bildene her er  forresten tatt av min to år gamle datter, syns jammen jo var ganske flink til å ta bilder!:))

Ønsker alle ein flott mandagskveld!

onsdag 4. september 2013

Barselgave til ein liten søt gutt


Ei venninne av meg har akkurat født ein nydelig liten gutt. I den anledning må det jo strikkast:)
Pickles sitt morosett har eg strikka før, og ettersom eg er ein fan av ribbukser blei det eit slikt sett igjen.

Eg blei ganske fornøgd med resultatet, men syns settet virka litt smått til å være størrelse 6-12 måneder.. Kanskje eg plutselig har begynt å strikke veldig stramt.. Hm.. Jaja, trur det skal passe ei stund iallefall:)

God onsdagskveld!

lørdag 24. august 2013

Alvekjole


Forrige veke var eg på husmorferie i Stavanger. Der fekk eg bl.a. besøkt Stoff og Stil. Kjempekjekt! Fekk med meg ein del stoffer heim, og dermed er sylysten tilbake for fullt!


 Mønsteret til denne kjolen er fra boka Handmade. Kjempefin sybok med mange supre mønster!


Denne kjolen blei eg faktisk veldig fornøgd med. Har tidligere syntes det var veldig vanskelig å få kantene fine. Men denne gangen tenkte eg at eg skulle gjere det skikkelig og lese litt  om det først. Og etter å ha kikka i syhjelpen bakerst i boka,  blei det plutselig ikkje så vansklig lenger:) Merkelig...:)

Kjolen i boka har ei kake applikert på seg, så etter at Eira hadde fått auge på denne kaka, var det sjølvsagt at også hennes kjole skulle ha kake.
Så eg satte meg ned og tegna ei kake.. Mine tegne og applikeringskunnskaper er ikkje noke å skryte av, men Eira var fornøgd, så då er eg og fornøgd:)

No har også storesøster ønska seg ein slik kakekjole, flott påskudd for meg til å sitte ved symaskina enda litt til:)

torsdag 22. august 2013

Vindu i stova og nokre puter:)


Eg har lenge syntes at TV-Stova vår har vore litt mørk, og vore litt for seg sjølv liksom. Eg ville gjerne at dette rommet skulle føles meir som ein del av sjølve stova. Derfor syntes eg at eit vindu i stova var ein super ide. Fikk med meg mannen på ideen og han var handy som alltid og satte inn eit spesialbestilt vindu så lett som berre det:)
Og eg syns det blei så bra! Tv-stova har blitt eit heilt anna rom. Og så er det så masse lys som kjem inn. Dessuten føles heile stova mykje større ut no også:)


Og når man begynner å gjere litt i huset, kjem lysten fort til å fikse på andre ting og.. Derfor satte eg meg ved symaskina og sydde nokre puter i "Hay-stil" Har alltid hatt lyst på ei slik pute, men dei koster jo 600 kroner, så har ikkje hatt samvittighet til å kjøpe slike.
Men flaks at det er så lett å lage sjølv. Desse er laga med knapper kjøpt på Panduro og restestoffer eg hadde liggande. Veldig greit!

Ønsker alle ein flott torsdag!

søndag 18. august 2013

Pilgenser fra Pickles



Denne genseren blei sommerens store favoritt. Super genser altså! Og så syns eg fargene er så fine. Gøy å strikke er den og.


Fikk tilogmed en del restegarn. Av dette klarte eg akkurat å strikke ein tøysetopp:) Syns den blei ganske søt.

Ellers har vi mange prosjekt i huset om dagen. Det er arti og litt slitsomt. Det nyeste prosjektet skal eg prøve å blogge om i løpet av dei nærmaste dagene:)

Håper alle nyter søndagen! Her er det sol, deilig!

torsdag 1. august 2013

Sommertunika:)


Vi er tilbake i Tromsø etter ein måned på farta. Har vore ein super ferie, men det er også deilig å komme heim. Særlig når været er så deilig og vi har ferie litt til:)


Dei siste feriedagene blir i tillegg til forsømt hus og hagearbeid brukt til solslikking,strikking og sying. Deilig!
Ettersom eg har hatt ein lang bloggpause i sommer har eg ein god del prosjekter som venter på å få komme på bloggen. Så eg starter med denne tunikaen.


Det er første gang eg har sydd ein slik, og ettersom eg har laga mønsteret sjølv blei den ikkje heilt perfekt. Litt trang i ermene.. Det skal nok fikses til neste gang eg skal sy ein slik:)
Dattera er iallefall fornøgd, og det er jo det viktigeste.


Ønsker alle ein fortreffelig torsdagskved!
Sigrid:)

onsdag 26. juni 2013

Sommerens retro-kolleksjon


Denne veka begynte ferien. Og ettersom været har vore litt dårlig, har det passa ypperlig å tilbringe tid sammen med symaskina.
Så eg har desse dagene opppgradert sommerkolleksjonen min. Heile 3 topper har eg sydd til meg sjølv.
Eg blir så glad av slike herlige retro-stoffer at eg ikkje klarte å stoppe etter ein topp..:)

 Så no er eg klar! Sommaren kan komme!

 Tusen takk for så mange koselige kommentarer på mitt forrige innlegg! Det gjer meg så glad!
Mila eg sprang i helga gikk veldig fint faktisk! Var ikkje så motivert før løpet begynte, men det viste seg å være ganske gøy ( og slitsomt..) likevel. Kom i mål med ny personlig rekord på 51 min og 30 sek:) Veldig fornøgd!
Ønsker alle ein flott onsdag!

lørdag 22. juni 2013

Bomullskjole





 Endelig blei denne kjolen ferdig! Det tok si tid..:) Men ettersom resultatet blei bra, er det ikkje så farlig.
Og sjølv om den er strikka i rein bomull, er den faktisk veldig mjuk og deilig. Og veldig bra å ha på i følge Signe.



 Oppskrifta er henta fra Allers sin strikkebok som heiter "Slipp pinnene løs og strikk"
Eit pluss med denne kjolen er at garnet er fra søstrene grene og veldig billig. Trur alt garnet til denne kjolen kosta ca 75 kroner. Veldig fornøgd med den prisen:)
Håper berre det også er kvalitet på det garnet..:)



Ellers så prver eg å manne meg opp til kveldens store utfordring.  Skal springe mila på midnight sun marathon..
Tenk at eg gjer dette heilt frivillig. Utrulig. Pøsregner gjer det og. Jaja, no skal eg berre springe litt, og så skal eg nyte sommerferien til det fulle!
Å, så deilig med ferie!!

søndag 16. juni 2013

Lett sommerbluse






Vi skal til syden i syden i sommer, og ettersom spesielt Signe sin hud ikkje tåler sol så godt, tenkte eg det kunne være greit å ha ein superlett og tynn bluse med.
Dette viste seg å ikkje være så lett å få tak i, så derfor var det berre å sy ein slik sjølv.
Her har eg brukt eit gammalt sengetøy. Dette sengetøyet er godt brukt, derfor er det veldig mjukt, lett og deilig.


Bluse nr. 1 blei litt rar i formen syns eg. Veldig vid og litt for kort til eldstejenta..
Så eg må vel kanskje prøve meg på ein til:)
Vel, det får bli litt seinere, er fortsatt eit par veker til vi drar:)


Ønsker alle ein riktig fin søndag!

fredag 7. juni 2013

Barselgave til ein liten krabat



I dag reiser eg på husmorferie i Trondheim. Der skal eg bl.a. møte ein liten gutt som kom til verden i slutten av mai. Gleder meg veldig:)
Han skal jo sjølvsagt få ein liten gave. Denne gongen har eg prøvd meg på ei oppskrift eg aldri har strikka før. Veksejakke fra Nøstebarn.


 Likte oppskrifta godt, håper den faller i smak hos den lille. Jakka er strikka i drops alpakka.
I tillegg får han ein arti liten siklesmekke. Er jo viktig å passe på at han ikkje søler på jakka;)



Måtte berre ta eit bilde av blomstene vi plukka på veg heim barnehagen i går. Massevis med markblomster for tida. Er så trivelig!


tirsdag 4. juni 2013

Strikking i mai

 Det blei en god del strikking i mai. Turnè og fridager er ypperlig til strikking.  Dette er to av prosjekta som faktisk blei ferdigstilt i mai.
En tøysetopp til min nevø som akkurat har fylt to. Oppskrifta til denne er henta fra Pickles



Det andre prosjektet som blei ferdigstilt er denne mariustunikaen til svigermor.
Takk til alle flyreiser som gjorde det mulig å få den ferdig tidsnok:)

Nesten det beste med å bli ferdig med prosjekter, er å endelig kunne begynne nye prosjekter med god samvittighet:)
Så i dag har eg vore på garnshopping og starta på ei hekla  sommerjakke til meg sjølv. ( Eg måtte berre kjøpe nytt garn, det var 30% salg på heile butikken:))

God tirsdag til alle som er innom!

søndag 2. juni 2013

Prikker er kult!


Signe hadde fått det for seg at ho skulle ha eit skjørt og ein vest akkurat som kusina har.Ettersom dette ikkje er så lett å få tak i i butikken, var det berre å sette seg ned å sy.
Tok mål av vesten til kusina og sydde noke lignande.
Skjørtet blei kun fri fantasi, og det funker sånn halveis..:)


 Men dattera er iallefall fornøgd, og eg syns det var gøy å sy dette herlige prikkesettet:)



Ser no at det har blitt veldig lite blogging i det siste. Hm.. Trur det er det fine været som gjer det. Har vore heilt magisk her i nord den siste tida!Kjempedelig med tidlig sommer!

Men sjølv om det har blitt lite blogging, har det likevel blitt masse strikking, og eg skal vise det fra snart:)
Ha ein fortsatt fin søndag!