Det er noke som er heilt feil med å sy og klippe i eit plagg som du har brukt heilt vanvittig mange timer på å strikke.
Eg har aldri gjort dette før, og var både skeptisk og nervøs for korleis utfallet av dette sy og klippeprosjektet skulle gå..
Mariusjakka er enda ikkje ferdig, men trur det gjekk bra....:)
Eg har ein tendens til å ikkje lese oppskrifter nøye nok, tar forhasta beslutninger og strikker i vei på min måte. Også med denne jakka gjorde eg det. Og etter å ha knota med å strikke mariusmønsteret fram og tilbake, fann eg ut etter at eg var ferdig at eg skulle ha strikka rundt, og så klippa opp til ermene etterpå... Jaja.
Fint å vite til neste gang..
Og så blei eg jo ein reser til å strikke mønster fra vrangsida!:)
Ønsker alle ein god søndag.
Her er det grått og trist i dag. Flott då å ha ein mann som er flink til å lage amerikanske pannekaker og god kaffe som vi kan kose oss med inne!