fredag 15. mars 2013

Barselgave




 Ei venninne av meg har fått ei lita jente, så då var det berre å ta fatt på pinnene:) Fortsatt garnshoppestopp, så eg tok det eg hadde.
Nøstebarn sitt 3 trådsgarn funka fint til dette settet fra Pickles.
Oppskrifta på dette settet finn du her
Settet var heilt ok å strikke. Orka visst ikkje å strikke ermene til kjolen, så det blei ein tunika..:)
Ellers så var ribb-buksa ikkkje så kjedelig å strikke som eg hadde frykta. Gikk ganske fort!

Og er veldig fornøgd med å endelig ha lært meg å strikke sånn tjukk og fin snor!


No er det snart helg! Eg skal først på ferie til Olso, og så tillitsvalgt-kurs på danskebåten neste veke. Blir stas! Planlegger å få strikka ein heil masse på danskebåten!
God helg!!

tirsdag 12. mars 2013

Utvidelse av kassehylla


Den noget skeive og litt rare kassehylla mi, fekk endelig sin etterlengta oppgradering.
Fire nye kasser gjorde susen, og no syns eg den tar seg bra ut på rommet:)



Denne skrivepulten fra Bolia, klarte eg ikkje å gløyme.. Syns den er så fin. Så då eg oppdaga at den var salg, så måtte eg liksom berre kjøpe den...:)Superfornøgd!


Ønsker alle ein fin kveld!

lørdag 9. mars 2013

Morokjoler


Disse morokjolene har det blitt ein del av etter kvart. Jentene elsker desse kjolene ( og det syns jo eg er kjempearti!) Trur det er en kombinasjon av rosa, hjerter, snurrefunksjon og deilig stoff som dei små faller for. Og så er det jo så moro med morokjole!


 Kjolene er veldig enkle å sy, kanskje eg skal komme med ein liten DIY på desse kjolene.Hm..:)




Ønsker alle ein moro lørdag!

onsdag 6. mars 2013

Restegarnprosjekt nr.4 ; Bleiekorg!


Den gamle bleiekorga vår var blitt totalt utslitt etter at jentene har brukt den som leikebåt i eit par år. Det var på tide med ei ny. Denne gangen blei det ingen båtfunksjon på korga, men desto finere syns no i hverfall eg:)

Har her hekla med pinne nr.7 og 5 tråder. Korga har blitt fin og stiv. Holder formen godt, sjølv uten bleier oppi.

Jentene syns det var viktig med ei bleievakt, strikkedukka vart satt på saken. Ho klarer jobben sin flott syns vi:)

Ønsker alle ein flott ettermiddag og kveld!



søndag 3. mars 2013

Fornying av kontorkroken



Denne veka har vi hatt fornya kontorkroken vår. Den enorme skrivepulten er kasta ut og inn har det kommet ein egensnekra skrivepult istaden. Veldig fornøgd!
Skrivepulten er inspirert av spisestuebordet til mrs.hardy. Vil du sjå framgangsmåten kan du gå inn her

 Då skrivepulten var ferdig og på plass, var lysten stor til å fornye enda litt meir. Derfor hinta eg frampå til mannen om at det kanskje kunne vore fint om vi hadde bytta ut dei håpløse kott-dørene med nokre skyvedører i samme stilen som skrivepulten.
Hadde ikkje forventa noke respons på denne fantasien, men det fekk eg faktisk!
Han satte spoenstreks i gang med å finne ut korleis man kunne lage skyvedører sjølv, og etter to dager med intens jobbing, var herligheten på plass.

Eg er veldig imponert! Og superfornøgd med resultatet av dørene. No kan vi endelig komme inn til kottet på ein skikkelig måte! Herlig! ( no gjelder det berre å sortere alt det som var stua inn der fra før..:/)

Tusen takk til handymanen min som oppfyller mine interiørfantasier på ein så bra måte!


Før:

Etter:

mandag 25. februar 2013

Restegarnprosjekt nr.2 er ferdig!


Endelig er teppet ferdig!
Dette er virkelig eit heilt supert restegarnprosjekt! Særlig om man har masse litt dårlig garn som berre har blitt liggande. I dette golvteppet har eg brukt alt slags garn. Ull, bomull, syntetisk, alt i ein flott miks:)


Eg har hekla vanlige fastmasker, pinne nr.7 og for det meste 4 tråder samtidig. Teppet er blitt fast og fint på denne måten.


Teppet er eit skikkelig garnsluk. Har ikkje snøring på kor mykje garn som er gått med men det er ein del:)

Ønsker alle ein flott mandag!

fredag 22. februar 2013

Påskegenseren er klar!




 Min søster utfordra meg til å strikke ein påskegenser, det skulle nemlig ho og gjere. Og sjølvsagt tok eg utfordringa. Hadde ikkje nok gult  garn til heile genseren, så det måtte bli striper. Men syns no den blei påskete likevel.
Denne påskegenseren er forøvrig restegarnprosjekt nr.3. Er veldig stolt over å kun ha brukt restegarn på denne genseren. Litt korte ermer blei det. men men:)

Mønsteret på denne genseren her har Pickles sin  bettygenser. Liker det mønsteret så godt!



 

Og no er det helg! Hurra!!


tirsdag 19. februar 2013

Heklerier


Det har visst blitt litt lite aktivitet på bloggen den siste tida, men her kjem iallefall ein liten smakebit på eit av mine pågående prosjekt. Restegarnprosjekt nr 2!
Korleis sluttresultatet blir får dokke snart sjå:)

Det er så rart. No har eg strikka av restegarnet mitt i snart ein månad, men koffertene med garn syns ikkje minske...
Trur nesten eg må utvide garnshoppestoppen min...hm.

Men sjølv om restegarnet ikkje virker som forsvinn med det første, er det iallefall utrulig tilfredstillende å bruke restegarn. Føler meg som eit veldig bra menneske. Samme følelse som når eg et halvkjipe restemiddager fra innerst i kjøleskapet.
 Så anbefaler å bruke restegarn, om så berre for sjølvfølelsen sin del:)

Ønsker alle ein god tirsdagskveld!



søndag 10. februar 2013

Ullkule-teppe


Eg synes hay-teppene er veldig fine, og etter å ha sett fleire bloggere lage sine eigne tepper, fekk eg og lyst til å prøve.
Men det tar tid.. Men eg fortsatt trua:)
Jentene syns det er veldig moro å tove  små kuler. Det er eg veldig takknemlig for!



Har og funne ut at eg kan bruke bitte små garnrester, lage en liten ball av dei og tove i maskina. Ein super ting å bruke restegarn på!


Og forresten; hurra for alle supre mødre der ute!
Eg skal feire meg sjølv med å ete masse god sjokolade:)
Mannen er borte, så eg må passe på å varte meg sjølv opp med alt eg har lyst på!

God søndag!



tirsdag 5. februar 2013

Ullputedilla


 Eg har blitt veldig glad i ullputer. Dei er så mjuke, varme og fine. Så det har blitt nokre slike den siste tida. Og desse ullputene er virkelig favorittputene her i huset. Vel, iallefall mine favorittputer. Mannen kan ikkje skjønne kva vi skal med alle desse putene, og syns dei er meir i veien enn til nytte.. Kan ikkje skjønne det!
I går sydde eg ei pute som fikk seg ein liten heklavri. Hadde to bordskånere til overs. Syns det blei trivelig pynt på puta:)




Og eg har mange fleire puteprosjekt på lager. Nytte eller ikkje nytte. Eg syns iallefall det er koselig og fint med mange puter!

Ha ein fin kveld:)


lørdag 2. februar 2013

Mariuskjole til ei rosafrelst lita jente

"Rosa, rosa, roooosa! Æ elske rosa!! Og no e alt rosa, alt mætscher. E bare heeelt perfekt! Hurra!"


Jepp, så lenge alt er rosa kan det umulig slå feil...



Denne mariuskjolen begynte eg på lenge før jul. Men av en eller anna grunn har den kommet i skyggen av andre strikkeprosjekter.. Men den blei no ferdig til slutt, og Signe er fornøgd. Så då er alt som det skal være:)




God lørdag!


torsdag 31. januar 2013

Eldgamal data med ny veske!




Eg prøver i det lengste å bli venn med den eldgamle dataen min.  Den får ein sjangse til. Denne gangen med ny veske og ny positiv innstilling fra meg.
Det gjer vel ingenting at dataen er treig, tung og ødelagt så lenge den har ei fin veske.. Eller?
Verdt eit forsøk iallefall:)


Ønsker alle ein fin kveld!

søndag 27. januar 2013

Hekla jakke til mannen


 Før jul såg Brynjar ei jakke han kunne tenke seg . Jakka var dyr og av akryl. Så då var det uaktuelt å kjøpe den.
Han spurte derfor om ikkje eg berre kunne hekle ei slik jakke til han.
Eg var litt skeptisk, men det kunne jo ikkje skade å prøve..


Eg fikk bilde og mål av jakka, så då var det berre å begynne..
Etter en del prøving og feiling fann eg ut at eg kunne hekle halv stav i bakre løkke. Dermed fekk eg litt av den stripeeffekten butikkjakka hadde.

Då eg først kom i gang, gikk det faktisk veldig fort å hekle denne jakka.
Dobbeltråd drops alpakka og heklenål 4.


Dette er jakka eg tok utgangspunkt i



Ønsker alle ein flott søndagskveld!

torsdag 24. januar 2013

Restegarnprosjekt nr.1

 Restegarnprosjekt nr.1 er ferdig!
Hadde to og et halvt nøste igjen etter at eg var ferdig med bestefartrøyen. Har fortsatt 1 nøste igjen etter at desse var ferdige.. hm.. må finne på noke lurt med det siste nøstet:)
Eit så fint garn må tross alt brukes til noke fint:)

Veldig fornøgd med desse håndleddsvarmerene altså. Oppskrift er fra Marte Helgetun


Og så må eg berre legge med eit solbilde fra i formiddag:)
Det er så deilig når sola endelig kjem inn kjøkkenvinduet igjen! Etter at den har vore borte i 2 måneder, er det virkelig  herlig når den er tilbake!




onsdag 23. januar 2013

Prosjekt vinter 2013, retsegarn og garnshoppestopp!

Min søster og eg har bestemt at vi skal ha garnshoppestopp fram til påske. Det høres kanskje ikkje så vanskelig ut , men for oss skal det nok bli ein prøvelse.
Men motet er på topp, så denne gangen har eg faktisk trua!


Så sammen med garnshoppestopp passer det jo ypperlig å ha retsegarnprosjekter parallelt.
Og det trengs virkelig. Føler at huset flyter over av garn.. En del garn er til prosjekter eg har handla inn til før. Men har også veldig masse restegarn...


Håpet er at til påske har eg god plass i mine tre kofferter til nytt garn:) hihi

Retsegarnprosjekter som eg har i tankene er bl.a.

-Tjukt golvteppe i mange farger til jenterommet. Veldig effektiv garnsluker:)
- Tova tøfler
- Grytekluter
-Restegarngenser(!)

Blir spennande å sjå kva som blir noke av.

Eg har faktisk allerede begynt innhogget i restesamlinga, og resultatet av dette får dokke sjå i morra:)

Ha ein fortsatt fin kveld!





lørdag 19. januar 2013

Bestefartrøye i superdeilig hexagarn


Ny favorittgenser!
Dette er virkelig ein utrulig deilig genser.

Oppskrifta er fra Marte Helgetun

Enkel og veldig kjapp genser å strikke:)

Ønsker alle ei flott helg! 

onsdag 16. januar 2013

Søt smykkeveske til søt jente


Min 9 år gamle niese hadde bursdag i går. Og ettersom vi hadde gått til innkjøp av smykker og stæsj til henne i bursdagspresang, syns eg det var på sin plass at ho fekk noke ho kunne ha alle smykkene sine i.

Så ei lita stund før vi skulle dra i selskap, sydde eg ei smykkeveske til henne.
Enkel og kjapp vekse å sy. Anbefales!
Oppskrifta er henta fra boka Made by me.




lørdag 12. januar 2013

Fuskedusklue og drømmehals




Dette er ein hals eg umiddelbart blei veldig glad. Virkelig herlig å gå med! Garnet er en tråd silk mohair og en tråd drops alpakka.
Er faktisk eit restegarnprosjekt. Veldig fornøgd med å ha nok garn!
Oppskrifta på halsen er fra Marte Helgetun. Og du finn den her

Har blitt veldig glad i hennes oppskrifter for tida. Er snart ferdig med bestefartrøye. Gleder meg til å vise den fram her!


Lua er eit resultat av at eg mista mi flettelue..Og ettersom eg var blitt ein smule lei av fletter etter fjorårets lueproduksjon blei det ei ribbestrikka fuskedusk lue istedenfor:)


Ønsker alle ei fortreffelig helg!





lørdag 5. januar 2013

Hekla duk fra Bestemor


Til jul fekk vi denne superfine hekladuken av Bestemor.

Så i dag var det ut med julepynt og inn med julegaver:)

Litt deilig å få ut de dryssende julebuskene våre.



Ønsker alle ei fortreffelig helg!

torsdag 3. januar 2013

Pengepunger



Før jul prøvde eg meg på eit par pengepunger. Resultatet blei ikkje heilt topp, men det er alltid gøy å prøve noke nytt.

Syns det var vanskelig å få det til å sjå pent ut.. Det å få pengepungen både solid og pen har eg tilgode til neste gang:)






Oppskrifta er tatt fra eget hode, om eg klarer å få til ein perfekt versjon ein gang, kjem det kanskje ut ei oppskrift på bloggen etterkvart:)



Ha ein fin kveld!