onsdag 26. mars 2014

Dåpssett


Eg er ferdig med mitt første betalte strikkeoppdrag!:)
Dette er eit dåpssett til eit 18 måneder gamalt barn.
Håper mottakarane blir fornøgd:)

Oppskrifta er henta fra drops design . Likte mønsteret veldig godt:)
Du finn det her



Ønsker alle ein flott onsdag!

søndag 23. mars 2014

DIY Sommerfuglkostyme


Vår mellomste jente hadde sidan før jul snakka om at på neste karneval skulle ho være sommerfugl. Heilt ok tenkte eg. (Av erfaringsmessige grunner har eg gitt opp å prøve å prakke på dei kostyme som eg sjølv har tenkt ut..:))
Problemet var berre at eit sommerfuglkostyme ikkje er mulig å kjøpe...
Så det var faktisk min mann som meinte at dette må vi da kunne lage sjølv. Kan da ikkje være så vanskelig å lage eit lite sommerfuglkostyme, meinet han.
Og eg var forsåvidt enig i det.
Ettersom det etterkvart blei ein del snakk om dette kostyme, fann eldste jenta ut at dette ville ho og være ein del av, og skulle være sommerfugl ho og. Og det måtte ho jo sjølvsagt få være..:)

 Etter ein intens sykveld blei desse kostymene akkurat ferdig. Vi blei ganske så fornøgde alle sammen!
Og etter eit vellukka karneval prøvde eg å forsiktig å foreslå for jentene at ettersom vi hadde brukt så masse tid på kostymene, kunne dei kanskje ville være sommerfugler neste år og?

" Nei, nei mamma..! Vi har jo vært sommerfugler! Til neste år vil æ være cowboy! Kan du fikse det til mæ?"

:)



Slik gjorde vi det:

Lag først en vingemal.
Klipp ut vingene av et sitteunderlag
Klipp deretter to stoffstykker som passer til vingene. Sy sikksakk på begge stoffbitene.
Sy på strikk og evt pynt.
Legg stoffbitene rette mot rette og sy de sammen. La det være igjen en liten åpning.
Putt sitteunderlaget inn i stoffet og sy igjen hullet for hånd.

Følehorn:
en svart hårbøyle, piperensere og svarte bomullsdotter kjøpt på hobbybutikk:)

Ønsker alle ein fortreffelig søndagskveld!
Og tusen takk for så mange hyggelige kommentarer på mitt forrige innlegg:)




tirsdag 18. mars 2014

13 i 2013!


Eg må inrømme eg fekk ganske sjokk då eg tilfeldigvis telte over antall strikkagensere til meg sjølv, strikka i 2013. 13 stykk! Eg har visst kun levd i en fantasiverden der eg sjølv trur at eg strikker mest til andre og at eg ikkje strikker så mykje til meg sjølv... Så feil kan man ta..



Ein skulle kanskje tru at eg no har nok strikkagensere. Men eg trur nok ikkje eg klarer å stanse produksjonen til meg sjølv enda. Er jo så utrulig mange flotte strikkaplagg der ute som man berre må strikke;) Om det blir 14 strikkaplagg til meg sjølv i 2014 tviler eg på, men nokre plagg blir det heilt sikkert:)


mandag 17. mars 2014

Flettegenser til min mann


 Endelig blei denne genseren ferdig. Må innrømme at det var eit lite slit å strikke denne, men jammen var det verdt det likevel! Både eg og mannen er veldig fornøgd med resultatet. Og når 5 åringen kommenterer heilt uoppfordra " å, så fin genser du har på i dag pappa!" er det ganske stas:)

Mønsteret til denne genseren er fra nøstebarn sitt nye mønsterhefte. Garnet eg har brukt er babysilk fra du store alpakka. Eit fantastisk deilig garn!

Her i nord er det som bildene viser eit heilt fantastisk vær om dagen, så no må eg berre ta med meg Agnes ut og nyte sola!
Ikkje værst å være i barselpermisjon i slikt vær!
Ønsker alle ein flott dag!