mandag 31. desember 2012

Tilbakeblikk 2012

Og så var nesten 2012 over..
Dett var dett.. Flott år har det jammen meg vore!
Så ettersom vi om få timer skal inn i eit nytt år, syns eg det er på sin plass med eit lite tilbakeblikk i min lille blogg.

Og når eg ser tilbake, blir eg nesten overraska sjølv over kor mykje eg faktisk har blogga og ikkje minst kor mykje eg har laga...! Har eg eigentlig tid til det...?:)

Men eg syns iallefall det er verdt all den tida det tar både å blogge, strikke og sy. Det er jo så gøy!
Og tusen takk for alle kommentarer dokke legg igjen hos meg. Det gjer meg så glad!
Og ikkje minst, tusen takk for all super inspirasjon det er der ute i bloggverdenen! Utrulig arti å følge med på så mange flinke bloggedamer der ute!

Så her er altså mitt lillle tilbakeblikk:)






 Årets hushøgdepunkt er utvilsomt nytt flott rom i huset! Superfornøgd med vår "relaxing lounge" :)
Innredningen bærer  preg av heklatepper og heimesnekra møbler:)



 I vinter blei eg bitt av enda ein Arne&Carlos trend og eg strikka mi første strikkedukke. Har fortsatt planer om fleire, men får no sjå kva det blir til:)


 I løpet av året har det blitt ein del slike strikkepinneetui. Veldig fornøgd med designen på desse etuia. Berre dumt at dei er så innmari kjedelige å sy...:/


 Slike kjoler har og vore ein gjenganger dette året. Mønsteret har eg tegna sjølv. Liker godt denne enkle formen. Veldig kledelig , samtidig som den er lett å variere. No er eg på jakt etter nye stoffskatter å sy fleire slike kjoler av:)
Kjolen på blidet er fra eit gammalt sengetøy eg fann i skapet til mamma.


 Skappelgenseren!
Som alle andre strikkeentusiaster i landet, blei også eg revet med på Skappel-bølgen. I alt blei det 4 Skappel-gensere. Og eg har vel planer om å prøve meg på Skappel-jakka etterkvart og...:)


 Endelig har eg sydd jakke! Hadde aldri trudd at eg noken gang skulle klare å sy ei ytterjakke. Men etter ein del knoting, blei den faktisk ganske fin:)


 Eg har funne ut at sjølv om eg har mange heimestrikka gensere allerede, er det alltid behov for nye!


Mariusdilla!
Etter at eg fekk Mariusboka til bursdagen min i september, har det blitt noken av disse genserene.
Mariusstrikk er så gøy!

Ønsker alle eit godt nyttår!
Og så satser eg på eit nytt flott bloggeår i 2013!







1 kommentar:

  1. Så mye fint du har laget!!! Tusen takk for inspirasjonen i året som har gått, 2012 ser ut til å ha vært et supert år for deg; ønsker deg alt godt for 2013 også:-)

    SvarSlett

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)