Etter snart tre år med barn i huset, begynner eg å bli en smule lei av å rydde leiker. Derfor tenkte eg at ein slik leikepose måtte kunne hjelpe til med å kutte ned ryddetida iallefall litt. Og eg trur faktisk den gjer det.
Men det er berre når Signe leiker aleine.. Ettåringen vår har nemlig ikkje heilt skjønt prinsippet med å leike med duploen inne på leiketeppet enda. Ho syns det er mest arti å kaste duploen utenfor teppet..Og det er vel ei stund til ho begynner å bry seg om dei nye duploreglane vi har innført..:)
Men eg syns no ideen var ganske god. Måten eg sydde posen på var ok, men eg ser at det er endel ting eg ville ha gjort annerledes om eg skulle sy en slik pose til. Men det er uansett gøy å prøve ut nye ting!
Ai ai! Sku gjerne hatt sånne poser...til det meste i huset, egentlig! Genialt! (Bortsett fra det med Eira, da...)
SvarSlett