søndag 1. februar 2015

Kjole med bobler


Kom over eit hefte fra Sandnes garn. Det var så utrulig mange fine oppskrifter der. DIY serien deira. Hefte nummer 2.
Bl.a denne boblekjolen fann eg i dette heftet. Og denne måtte eg berre strikke. Var litt skeptisk til fargen i begynnelsen. Men med ein gang eg starta prosjektet var fargeskepsisen borte. Digger jo denne fargen!:)
Veldig deilig plagg som eg er ganske sikker på at kjem til å bli mykje brukt!
Strikka i Sandnes sin soft alpakka, eit utrulig mjukt og deilig garn.(Som også loer endel når man strikker..:)
Ha ein fortsatt fin sødagskveld!


onsdag 21. januar 2015

Bursdagsblomster


I helga feira vi både 1 års dag og 6 års dag.
Då eg skulle til å pynte til bursdagen fann eg ut at alle blomstene i huset hadde gått under, og hadde dermed ingenting å pynte med.
Heldigvis var mamma på besøk, og tok på seg oppgava. Og plutselig hadde vi bordet fullt av heimelaga stoffblomster. Veldig kjekt! Og så fine som dei blei!


Framgangsmåten fann ho på You Tube.



Så da var blomstkrisa redda og bursdagen blei ein stor suksess! ( Hadde nok blitt en fin bursdag uten blomster og da.. kanskje:))

Sigrid:)

søndag 18. januar 2015

Nancykofte til mamma




I år var det mamma som fikk den mest forseggjorte julegaven.
dette er mi første nancykofte, og kan gjodt skjønne kvifor den er blitt så populær. Gøy å strikke, og så er den jo så fin:)
Det irriterer meg fortsatt litt at mønsteret nederst blei feil. men men.. ( I mønsteret var den blanke ruta øverst ikkje hovedfargen, og når eg i tillegg var trøtt da eg begynte på mønsteret, gikk det altså slik..)


Syns uansett at mamma kler kofta godt! Gøy å gi bort slike gaver!

Håper alle har hatt ei fin helg!
Sigrid:)

mandag 12. januar 2015

Rullegenser fra nøstebarn


 Dei aller fleste restegarnprosjekt eg har hatt ender som regel i at eg mot slutten ikkje har nok garn likevel og ender opp å kjøpe nytt, og dermed er tilbake akkurat der eg starta..
Men ikkje denne gangen! Og berre det er nok til å bli ekstremt fornøgd med eit restegarnprosjekt. Når genseren i tilegg blir fin og lett og deilig å ha på,  (Det virker iallefall slik:)) ender den langt opp på topplista av restegarnprosjekt.


Mønsteret er henta fra Nøstebarnboka, strikk til nøstebarn. Rullegenser.


Ser på bildene her at den vesle lille babyen vår jammen har blitt ei stor jente. Snart er ho eit år. Herlighet så fort det har gått!
Sigrid:)

lørdag 10. januar 2015

Pickles "blond og blåermet"genser


Her er altså min grønne "Blondog blåermet" genser fra Pickles . Er egentlig fornøgd med genseren , men eg irriterer meg over at eg nok ein gang ikkje klarer å strikke den lang nok. Har jo erfart maaange ganger at PIckles oppskriftene er veldig korte. denne ligeså.. Tenker at når eg har strikka 8 cm eksra , burde det holde, men nei...

Genseren er strikka i sandnes sin duo. Liker det garnet, spesielt til sommerklær:)
Og som dåke ser. Genseren blei testa ut i skikkelig nordnorsk vintervær, og kan vel innrømme at den ikkje egner seg sånn veldig i slikt vær..:)

ha ein fortsatt fin helg!
Sigrid:)

søndag 4. januar 2015

5 år og egenstrikka lue!


 Eg er utrulig imponert over eldstedattera. Ho har lært seg å strikke. Denne lua er hennes første verk, og ho har faktisk berre fått littegrann hjelp. Farger og design har ho valgt heilt sjølv. Det var eit veldig viktig poeng at det var "kosedusk" i trådene og balldusk på toppen:)
Syns den blei veldig fin eg!
No er ho igang med eit skjerf. Arti!


Ha ein fortsatt fin helg!
Hilsen stolt strikkemamma!

fredag 2. januar 2015

Nytt år , klar for blogg igjen!

2015!!
Godt nyttår!
Et av årets nyttårsforsett er å gjenoppta bloggen. Det er jo ganske trivelig å  blogge litt innimellom og ikkje minst ein utrulig bra måte å få inspirasjon og å dokumentere det eg lager.
Så derfor tenkte eg å prøve igjen!
Først ein liten opsummering over litt av strikkinga i 2014 som blei til etter siste blogginnlegg.


 Min søster og eg strikka Pickles sin høstjakke!


 Marthejakka! Veldig deilig og mjuk jakke. Sliter litt med passformen til skappelmønsterene.. Den blei veeeldig lang på ermene..


Nok ein egostrikk. Pickles sin Kimono-oh. dette er min 2. kimono-oh. Digger dette mønsteret!


Regnbuedress fra Pickles. Sånn bortsett fra ein vanvittig trådfestingsfest, var dette eit ok prosjekt. Fornøgd med resultatet!


 3 åringen fikk velge design sjølv. Mønster og garn fra sandnes garn.




Ei lita lue der utsjånaden blei til undervegs. Gøy å berre strikke uten ein plan av og til!

Så planen for 2015 er klar. Blogge meir og ta meir bilder!
Håper eg klarer å holde det:)

fredag 18. april 2014

Fjærgenser



Årets påskestrikketøy er ferdig. Veldig fornøgd med resultatet! Syns det er så herlig med denne fjæra!

Som vanlig med Picklesoppskriftene syns eg ofte at genserene blir litt korte. Så derfor strikka eg den litt lenger. Dette gjorde til at eg ikkje fikk nok garn, så det blei visst ingen ribbermer på genseren, men det er ikkje så farlig syns eg:)

Mønsteret til denne genseren finn du her

I tillegg til å strikke genseren lenger, brukte eg og pinne 3,5 og ikkje 3 som står i oppskrifta. Trur det er lurt om man strikker litt stramt:)


Ønsker alle ei fortsatt god påske! Her i nord er det fortsatt full vinter, og våren virker meget fjern.. Men fint å kunne gå på ski i påska iallefall!:)


tirsdag 8. april 2014

Knæsj cardigan til påske

Hurra for påska!


 Så er eg klar til påska! Påskegenseren er ferdig! Dette er Pickles sin knæsj cardigan. Likte mønsteret godt og er fornøgd med resultatet. Det eineste er at eg ikkje er superfornøgd med korleis jakka er i halsen..  Syns den er heilt fin lukka, men når eg har jakka åpen, kunne eg ønska meg at den var litt v-forma..




Her nord er det fantastisk påskevær om dagen. Håper virkelig det holder seg slik ei stund til:) Hadde vore fint å fått testa skia litt i påska:)



onsdag 26. mars 2014

Dåpssett


Eg er ferdig med mitt første betalte strikkeoppdrag!:)
Dette er eit dåpssett til eit 18 måneder gamalt barn.
Håper mottakarane blir fornøgd:)

Oppskrifta er henta fra drops design . Likte mønsteret veldig godt:)
Du finn det her



Ønsker alle ein flott onsdag!

søndag 23. mars 2014

DIY Sommerfuglkostyme


Vår mellomste jente hadde sidan før jul snakka om at på neste karneval skulle ho være sommerfugl. Heilt ok tenkte eg. (Av erfaringsmessige grunner har eg gitt opp å prøve å prakke på dei kostyme som eg sjølv har tenkt ut..:))
Problemet var berre at eit sommerfuglkostyme ikkje er mulig å kjøpe...
Så det var faktisk min mann som meinte at dette må vi da kunne lage sjølv. Kan da ikkje være så vanskelig å lage eit lite sommerfuglkostyme, meinet han.
Og eg var forsåvidt enig i det.
Ettersom det etterkvart blei ein del snakk om dette kostyme, fann eldste jenta ut at dette ville ho og være ein del av, og skulle være sommerfugl ho og. Og det måtte ho jo sjølvsagt få være..:)

 Etter ein intens sykveld blei desse kostymene akkurat ferdig. Vi blei ganske så fornøgde alle sammen!
Og etter eit vellukka karneval prøvde eg å forsiktig å foreslå for jentene at ettersom vi hadde brukt så masse tid på kostymene, kunne dei kanskje ville være sommerfugler neste år og?

" Nei, nei mamma..! Vi har jo vært sommerfugler! Til neste år vil æ være cowboy! Kan du fikse det til mæ?"

:)



Slik gjorde vi det:

Lag først en vingemal.
Klipp ut vingene av et sitteunderlag
Klipp deretter to stoffstykker som passer til vingene. Sy sikksakk på begge stoffbitene.
Sy på strikk og evt pynt.
Legg stoffbitene rette mot rette og sy de sammen. La det være igjen en liten åpning.
Putt sitteunderlaget inn i stoffet og sy igjen hullet for hånd.

Følehorn:
en svart hårbøyle, piperensere og svarte bomullsdotter kjøpt på hobbybutikk:)

Ønsker alle ein fortreffelig søndagskveld!
Og tusen takk for så mange hyggelige kommentarer på mitt forrige innlegg:)




tirsdag 18. mars 2014

13 i 2013!


Eg må inrømme eg fekk ganske sjokk då eg tilfeldigvis telte over antall strikkagensere til meg sjølv, strikka i 2013. 13 stykk! Eg har visst kun levd i en fantasiverden der eg sjølv trur at eg strikker mest til andre og at eg ikkje strikker så mykje til meg sjølv... Så feil kan man ta..



Ein skulle kanskje tru at eg no har nok strikkagensere. Men eg trur nok ikkje eg klarer å stanse produksjonen til meg sjølv enda. Er jo så utrulig mange flotte strikkaplagg der ute som man berre må strikke;) Om det blir 14 strikkaplagg til meg sjølv i 2014 tviler eg på, men nokre plagg blir det heilt sikkert:)


mandag 17. mars 2014

Flettegenser til min mann


 Endelig blei denne genseren ferdig. Må innrømme at det var eit lite slit å strikke denne, men jammen var det verdt det likevel! Både eg og mannen er veldig fornøgd med resultatet. Og når 5 åringen kommenterer heilt uoppfordra " å, så fin genser du har på i dag pappa!" er det ganske stas:)

Mønsteret til denne genseren er fra nøstebarn sitt nye mønsterhefte. Garnet eg har brukt er babysilk fra du store alpakka. Eit fantastisk deilig garn!

Her i nord er det som bildene viser eit heilt fantastisk vær om dagen, så no må eg berre ta med meg Agnes ut og nyte sola!
Ikkje værst å være i barselpermisjon i slikt vær!
Ønsker alle ein flott dag!

tirsdag 4. februar 2014

Lille Agnes i ein deilig alpakkadress


Endelig litt blogging igjen! Har vore stille her ei stund...
Siden sist har det skjedd store ting. Vi har blitt foreldre til ei fantastisk lita jente!
Så herlig å ha ein liten baby i hus igjen! Vi koser oss!
Agnes er ei fredelig lita jente med eit godt sovehjerte:)

Denne dressen strikka eg rett før termin. Og den blei ferdig to dager før Agnes ville ut.
Mønsteret er fra dropsdesign. Og garnet er dropsalpakka.
Veldig deilig dress!
 Syns det virker som Agnes trives i dressen og:)

Ønsker alle ein flott dag!

torsdag 19. desember 2013

Blånisseluer


Signe skulle få ein preime her for ei stund sidan og fikk lov til å komme med ønsker til premiegave sjølv. Og det ho ønska seg aller mest var heimestrikka blånisselue!
Det at ungene faktisk ønsker seg heimestrikka ting, syns eg er veldig stas. Ettersom den trenden veldig fort kan snu, må eg nyte det mens eg kan.
Så eg strikka no gledelig ei blånisselue. Og når eg var så godt i gang, blei det ei lue til Eira og.
Syns dei er riktig så søte med blånisseluene sine:)


Ønsker alle ei fortsatt fin førjulstid!

tirsdag 19. november 2013

Voksejakke til ei lita frøken


 Ofte er det dei samme oppskriftene som går igjen. Denne jakka har eg strikka før, men er så fornøgd med oppskrifta at valget falt igjen på denne då eg skulle strikke barselgave til ei lita jente.

 Oppskrifta er Veksejakke fra Nøstebarnboka.



Vi har hatt vinter her i Tromsø ei stund no, og den ser ut til å bli værande. Her laver det ned..
Eg holder meg inne og prøver å ikkje tenke på måkinga som burde ha vore gjort..:)


Ønsker alle ein riktig god tirsdag!

fredag 8. november 2013

Sommerlig jakke


Her oppe i nord har vi hatt vinter ei god stund. Sjølv om eg er veldig glad i vinteren, er ikkje  eit hinder i å mimre litt over sommaren som var. Den var fantastisk. For eit vær vi hadde!

Eg strikka og ein del i sommar som eg ikkje har vist fram her på bloggen. Det  skal eg gjere noke med no.
Eg kan nemlig ikkje vise fram så masse av det eg strikker på no ettersom det er mest juegaver:)

 

Denne jakka er hekla etter fri fantasi i deilig silke og alpakka garn fra sandnesgarn. 
Eg trengte ein sommerjakke som kunne fungere til det meste.
Og det funka faktisk. Veldig gøy å hekle uten oppskrift! 
Det skal eg gjere meir av:)

No er det snart helg. Deilig! Her håper eg at vi får jobba ein del på det nye barnerommet. Må innrømme at eg begynner å bli lei av at 2. etasje er ein byggeplass:/ Men er ikkje så fryktelig masse igjen. Trur eg...:)
2 åringen har funne ut at rommet skal bli eit løverom, så blir spennande å sjå kva vi klarer å få til på den fronten:)

God helg!

torsdag 31. oktober 2013

Babyforberedelser


Eg har så vidt begynt med babyforberedelser. Og i den forbindelse blir min kjære symaskin flittig brukt. Eg hadde jo ikkje symaskin då vi venta våre to første jenter, så no må eg ta igjen alt eg ikkje sydde av babystæsj til  dei to første. Og det er så arti med ny syinspirasjon. Herlighet så masse babystæsj man kan sy!

Denne stellematta er vel kanskje det eg er mest fornøgd med. Stellematta bar preg av å ha blitt flittig brukt av to barn, så den var rett og slett heilt utslitt.
Tok derfor av det gamle stoffet og erstatta det med dette kule stoffet som eg fekk av mi svigerinne som har kjøpt det i Afrika.
Det er litt stas! Syns det blei ganske kult med ei slik Afrika-stellematte!

 

Eg har og prøvd meg på en Mei Tai.  Håper eg klarer å bli komfortabel med å bruke denne! Mønsteret til denne er henta fra boka " Made by me"



Og alle babyer må vel ha eit leiketeppe?:)

Ønsker alle ein fabelaktig torsdagskveld!