søndag 30. september 2012

Enkel Bestefartrøye




Eg skjønner ikkje heilt kva som skjedde i denne strikkeprosessen her.. Men dette skal faktisk være str 1 år. Genseren var tenkt til min nevø som blir 1 år i februar. Men ettersom han bruker omtrent samme størrelse som Eira måtte eg berre innsjå at denne genseren kom til å bli for liten..



 Men det var jo flaks at jentenes yndlingsdukke Mikki også trengte ny genser:) Veldig stas å ha med dukka ut i hagen:)


Oppskrifta fra på denne genseren er fra Pickles. Veldig grei oppskrift. Enkel og kjapp. Har meir garn så eg skal prøve meg på ein genser til i litt større størrelse...:)
Klikk her for å komme til oppskrifta.
Signe har forresten også fått seg ein Arti skrue hettelue:) Liker denne lua så godt altså!


Håper alle har ein flott søndag:)

fredag 28. september 2012

Litt oppfriskning av ein gammal krakk


Denne krakken fann eg i kjellaren. Der stod den og tok opp verdifull lagringsplass. Ettersom vi faktisk trengte ein krakk oppe, passa det glimrande å ta opp denne.


 Litt restemaling og eit påbegynt golvteppe var det som skulle til.
( irriterer meg litt at eg har glømt å klippe tråden under "teppet"....jaja)

Og slik såg den ut før...


God helg til alle som stikker innom!!

onsdag 26. september 2012

3. etasje før og etter


Her om dagen fann eg prospektet på huset vårt. Moro å sjå kor store forandringer det har blitt oppe i 3. etasje på 2 og eit halvt år:)

Før bestod denne etasjen av eit soverom ,hybel og ein gang.
No har vi to soverom, ei loftstove og kontor/ hobbykrok i gangen.




På soverommet har vi strippa alle vegger for gamal tapet, mala og satt på nye lister.
Golvet blei strippa for eit ufattelig stygt grønt golvbelegg. Under var det tregolv som vi har pussa ned og luta.


 Sommerfuglene har Signe laga i barnehagen. Syns dei var fine på veggen:)


Loftstova var eit bittelite hybelkjøkken. Det har no blitt til det beste rommet i huset. Ei fin loftstove med fantastisk utsikt. Veldig fornøgd med det nye tilskuddet til boligen vår:)

Og slik såg det ut då vi kjøpte:


Eg syns det har blitt litt bedre...:)


Ha ein strålande onsdag!

mandag 24. september 2012

Hurra for meg som fyller mitt år...:)



Bursdag er gøy!
Særlig når det blir servert kaffe på senga sammen med vakker sang og supre gaver:)


Denne vasen har eg ønska meg lenge. Og i dag var eg så heldig å få den:)
Rosene er fra to av mine fine kollegaer:)



I tillegg har vi fri i dag og været er flott. Så denne dagen har vore over gjennomsnittet bra:)



Herlig å få deilig sjokolade og kake i bursdagspresang!
I tillegg til dette har eg fått garn, lommebok, genser og maleri av Signe.
Eg er overvelda over dagens gavedryss!!

Kvelden skal nytes med taco, sjokolade og kake:)

søndag 23. september 2012

Orden i hobbykroken:)






 Det å ha orden på kontoret og i sykroken er eit evig prosjekt her i huset..
Men etter å ha brukt ein del tid på å omorganisere, håper eg no det kan halde seg ryddig ei lita stund.


Garnet mitt har eg no sortert i kofferter,  håper at systemet funker... og at eg finn fleire slike kofferter snart. Rart med det, men det hoper seg opp med nytt garn heilie tida:)


Ei lita jente som også ville være med å rydde og sortere:)

Sjølv om dette rommet treng litt oppussing merker eg at eg trivest godt i dette shabby trapperommet likevel:) Særlig når det er ryddig!

Ønsker alle ein finfin søndag!






fredag 21. september 2012

Skappel-genser "mini"





Eg har virkelig kommet på Skappel-genser kjøret.... Denne gangen var det Eira sin tur til å få seg ny genser.


Denne er strikka i Pickles 3 tråds abuelita garn og Pickles Silk mohai. Liker kombinasjonen!


 Dette er eit av mine mange restegarnprosjekter for tida. Og som vanlig  blei det for lite garn.. Heldigvis hadde Pickles meir Silk Mohair igjen, så det ordna seg:)

Oppskrifta til denne genseren finn du her

Ønsker alle ei fortreffelig helg!


tirsdag 18. september 2012

Artig skrue hettelue


Dette her er virkelig den ultimate høstlua!
Veldig fornøgd med oppskrifta til Pickles altså. Denne lua blei med ein gang ein favoritt:)


Eg likte denne oppskrifta så godt, at eg må nok strikke fleire av denne. Oppskrifta finn du her.



Kan anbefale denne lua på det varmeste:)

Ha ein fin tirsdag!Her er det skikkelig grått i dag, så det blir nok ein rolig innekveld på oss her:)

mandag 17. september 2012

Med 3 kroner på loppemarked...


 Dette er altså mitt siste loppekupp:)
Settehylle og stoffer til den nette sum av 3 kroner:) Det var det eg hadde i lommeboka.. litt pinlig egentlig..menmen. Eg er uansett veldig fornøgd med det eg fikk for mine 3 kroner


Settehylla har fått seg ein omgang med spraymaling. Signe fikk bestemme farge, og då blei det naturligvis rosa.
No er den plassert på barnerommet, og blir nok raskt fyllt opp med diverse nips:)

Eg syns dette barnestoffet er heilt nydelig. No lurer eg berre på kva eg skal bruke det til...:)

God mandag videre!


søndag 16. september 2012

Høstjakke

                                                 " Jakken er nem og hurtig at sy"

Dette er beskrivelsen av jakka i boka.
Dette måtte da være jakka for meg akkurat no. Har ikkje sydd på ei stund, så følte at eg måtte starte litt enkelt.. Men.... eg syns ikkje denne var spesielt enkel. Sikkert superenkel for dei som er flinke til å sy, men eg knota i overkant mykje.



Og det skråbåndet.. huff.. Kanskje ikkje eit sjakktrekk med elastisk egetlaga skråbånd.... men eg syntes stoffet er fint og det passa til jakka, så derfor måtte eg berre.
Eg må  må sy denne jakka igjen, for eg trur faktisk den er lett å sy gang nummer to....



Men uansett, er fornøgd med resultatet. Jakka var egentlig tenkt til Eira, men ermene blei for lange , så Signe har fått den istedenfor. Ho er veldig fornøgd.


" Å , Mamma! Denne jakka var så fin. Og sååå deilig! Så deilig med mykt stoff inni! Og så stilig med stoooore knapper"

Det er alltid trivelig med gode tilbakemeldinger:)


Oppskrifta til denne jakka er fra ei fantastisk bok fra 70 tallet.

"Børnetøj du selv kan sy 0-4 år" av Elsebeth Gynther og Bjarne Solberg.

Boka kan kjøpes her.

 Ønsker alle ein fin søndag!

PS. I går stakk eg tilfeldigvis innom eit loppemarked. Urutinert som eg er, hadde eg ikkje tenkt på å ha med kontanter. I lommeboka hadde eg 3 kroner. I morra skal eg vise kva eg fekk for desse verdifulle kronene:)

fredag 14. september 2012

Høstkos




 I dag er det eit heilt nydelig vær i Tromsø. Høsten kan virkelig være så utrulig vakker!
Planen var å dra på storhandling, men må berre nyte dette været litt først:)
Ein kopp te, sjokolade, strikketøy og solbriller på verandaen i september er ikkje å forakte!:)


Høstfargene kommet i hagen og. Koselig!



Ønsker alle ei flott helg!

onsdag 12. september 2012

Pakke i posten!


Det er så kjekt å få overraskelser i posten!
I dag var det ein pakke fra min supersnille tante i Alta.
Ho har strikka sokker til alle jentene:) Heilt fantastisk!


Og så fine dei er!


Tusen tusen takk!!

tirsdag 11. september 2012

Jenterommet del 2


I mars publiserte eg eit innlegg fra rommet til jentene. Men det var berre halve rommet, så no kjem andre halvdelen:)




Denne delen av rommet har nesten berre møbler fra Fretex. Er særdeles fornøgd med skatollet vi fann der.


Vurderer å male det, men syns det er ganske fint med svart faktisk. Og at det er knæsj rosa inni er og ganske kult syns eg:)

Så det blir nok som det er ei stund til.

Vil du sjå korleis den andre halvdelen av rommet ser ut kan du gå inn her :)

Sigrid:)



søndag 9. september 2012

Litt diverse på ein søndag...:)


I går var Signe og eg på vår vanlige lørdagstur til byen. Lørdagsturen består i trening for meg( barnepass for Signe), kafe og biblioteket. Men i går blei det jammen tid til litt shopping og:)
Eg fann denne fine vasen på kremmerhuset og klarte ikkje gå forbi:)
Blomstene har jentene plukka i hagen.



Ellers har eg no begynt på min andre Skappelgenser. Denne skal bli ein mini-skappel til Eira. Håper berre restegarnet holder til heile genseren...:)


Været i dag er ikkje det heilt store, så vi prøver å sysselsette oss inne. Maling er stas!

God søndag!!

torsdag 6. september 2012

Høstlue



Det har blitt veldig lite tid med symaskina i det siste. Tida eg har brukt med min kjære maskin har stort sett blitt brukt til å reparere kle.. Og det er ikkje så veldig moro akkurat..
Men nokre luer har det blitt. Og det er faktisk ganske gøy å sy luer. Det går så fort og greit:)



Mønsteret på denne lua er fra den flotte bloggen fargebarn. Og om du vil komme direkte inn på mønsteret kan du klikke her


Det var ikkje særlig lett å ta bilder av luemodellen min i dag. Mykje gøyere å gå i trapper enn å bli tatt bilde av..:)