tirsdag 14. mai 2013

Boyflettegenser!








 Er kjempefornøgd med den nye boyflettegenseren min! Enda ei fantastisk oppskrift fra Pickles!
Dette er virkelig ein genser man kan flytte rett inn i:)
Og er veldig fornøgd med fargevalget, er så deilig å ta på seg klær med andre farger enn det eg vanligvis bruker.

 Ettersom eg prøver å bruke opp litt restegarn og garn eg har liggande, blei det eit litt anna garn enn oppskrifta.
Har brukt Pickles Tweed og drops alpakka. Funker fint. Billigere og:)
Mønsteret til denne genseren finn du her



 Ønsker alle ein fantastisk ettermiddag og kveld!


søndag 5. mai 2013

"Ny" murvegg i tv-stova!





Eg har lenge hatt eit ønske om å fikse litt på tv-stova. Fargen var tidligere gul og ganske stygg egentlig..
Men så skjedde det som ofte skjer når eg driv og tenker på å pusse opp litt. Litt blir ofte veldig masse.
Den murveggen som eg tenkte at berre var å finne ganske enkelt bak stria, viste seg å være bak stria, gipsvegger, panel og eit godt lag med sement... Så det tok si tid.
Men eg er veldig fornøgd med resultatet, så eg syns det var verdt det!
Og min mann som gjorde mesteparten av jobben er faktisk fornøgd han og:)



Ønsker alle ein flott søndag!

mandag 29. april 2013

Enda ein bringebærgenser!



Eg er veldig glad i bringebærenseren. Har strikka to før. Ein i pickles angora og ein i abuelita 3 tråds garn. Abuelitaen var veldig fin ei lita stund, men eg syns ikkje garnet holder seg så godt. Og angoraen både loer og mister formen litt.
Men denne har eg trua på. Bringebærgenser strikka i pickles babymerino. Mitt yndligsgarn! ( veldig trist at det er ute av produksjon..) Eg har trua på at denne skal holde seg både i form og kvalitet!

 Denne genseren beli eg faktisk veldig fornøgd med! Er heilt forelska i denne fargen:)Merka at det var litt kjedelig at den ikkje er strikka til meg sjølv( sikkert derfor eg har eit litt misfornøgd utrykk på bildet!:))

 Men så er det jo utrulig gøy å gi bort noke man er veldig fornøgd med og då!
  Mønsteret til denne genseren er fra dei fantastiske Pickles -jentene. Og du finn det her


Ønsker alle ei fabelaktig veke!

onsdag 24. april 2013

Vårlig tights

Under barnetv i dag rakk eg jammen å sy ein tights! Har aldri gjort det før, så var litt spent på korleis ein slik heimesydd tights kom til å funke. Og eg må seie at det funker overraskende bra. Mønsteret er ikkje heilt optimalt enda, men det skal eg nok ordne til neste gang:)

Tightsen har blitt prøvd ut, og det virker som dener behagelig å ha på:)


 

Ønsker alle ein fortsatt fin onsdags kveld!

mandag 22. april 2013

Den varme alpakka-jakka er endelig ferdig!




 Denne jakka begynte eg på like etter jul. Tenkte at den skulle bli fort ferdig og ville passe bra i kulda.
Og no er den altså ferdig. det er 7 plussgrader og sol ute. Spørs om ikkje jakka blit i varmeste laget...
Men då er det jo kjekt å ha ein ferdigstrikka varm jakke til neste år!


 Mønsteret er fra Lene Holme Samsøe og du kan finne det i Allers strikkebok som er å få kjøpt i vanlige butikker eller her

Ha ein flott mandag!


onsdag 17. april 2013

DIY kjole!


No har eg endelig fått somla meg til å lage ein DIY på superkjolen:)
Klarer ikkje å laste opp pdf-filer på bloggen, så dersom noken vil ha mitt forsøk på tegna mønster er det berre å legge igjen mailadressa, så sender eg det på mail. Har foreløpig berre størrelse fire år nedtegna, men det er ikkje noke problem å justere mønsteret sjølv trur eg:)

Denne kjolen er faktisk ganske super.  Kjolen kan nemlig brukes både på retta og vranga. 2 i 1 liksom.
Eg syns det var litt smart:) Håper noken har lyst til å prøve seg på ein slik superkjole.

                                     På vranga                                              På retta                                          
 
Så her er altså framgangsmåten

DIY superkjole:

1. Bruk enten mitt mønster som mal, eller finn en kjole med passende størrelse og tegn av.
2. Legg stoffet dobbelt og klipp ut ut 4 deler. Inner og ytterstoff fremside og inner og ytterstoff bakside.

3. Sy sikksakk rundt alle delene.
4. Legg bakstykket og fremstykket rette mot rette og sy sammen i sidene. Gjør det samme med foret.
5. Om du vil ha bånd eller annet pynt på kjolen, kan dette syes på nå.
6. Legg den ene kjolen inni den andre. Rette mot rette
7.Legg hemper mellom stoffet i skuldrene og sy dem fast først.

8. Sy deretter kjoledelene sammen rundt hele halsen rette mot rette.

9.Vreng kjolen og sy en stikning rundt halsen.

10. Nederst på kjolen lager du en brettekant innover på både kjolen og foret og syr så en stikning rundt hele kjolen.
11. Sy på knapper



Ha ein fin kveld!







tirsdag 16. april 2013

Sommerkjole

 Signe hadde eit ønske om å få ny sommerkjole. Den skulle være rosa. Eg fikk derfor ei god unnskyldning til å sitte ved symaskina ei stund. Veldig trivelig. Symaskina har nemlig ikkje vore så masse i bruk i det siste... Men no når sommersesongen snart er her tipper eg den blir brukt meir aktivt:)



Eg blei faktisk veldig fornøgd med fasongen på denne kjolen. Ofte blir halsåpningen enten litt for stor eller for liten. Men denne gangen klarte eg det på første forsøk:)Hurra!

Ønsker alle ein finfin tirsdag!

søndag 7. april 2013

Genser til meg:)





Garnshoppestoppen holdt visst ikkje heilt ut likevel... Det var nemlig salg på det utgående garnet Pickles baby merino. Eg syns dette garnet er heilt fantastisk. Og best av alt, det er utrulig god kvalitet i dette garnet.
Strikka ein kjekkasgenser til min mann for 2 år sidan, og etter mykje bruk er den fortsatt like fin:)
Derfor måtte eg berre kjøpe dette garnet.
 Mønsteret til denne genseren er fra boka Norsk Strikk.

Og ja, det var faktisk bittelitt sol då bildet blei tatt.. No er sola erstatta av snøbyger. Igjen.. Hurra for våren! :)


mandag 1. april 2013

Blomstergensere!


 Og då var endelig begge blomstergenserene ferdig. Takket være mykje snøfall og innetid i påska!
Begge er litt store, men det er jo egentlig berre fint!

Oppskrifta er henta fra ei strikkebok hos min mor som eg ikkje hugser kva heiter... men om noken lurer kan eg nok finne ut av det:)

Er veldig fornøgd med resultatet av genserene, og dei var heilt ok å strikke. Men det å brodere blomster tok lenger tid enn eg hadde regna med. Kan ha noke med erfaring å gjere...:)



Arti med fotoshoot!


Og dette er grunnen til at fotoseansen endte i latterkrampe hos mine to små...

Eg: kan dokke stå stille og seie Fantorangeeeen?
Signe og Eira: Fanto...BÆSJ, Fantobæsj, Fantobææææsj!!

Vi har altså to særdeles modne småjenter!

God 2.påskedag!

onsdag 27. mars 2013

Nytt bilde og ny strikkeinspirasjon


 Min lillebror er fotograf og tar fantastisk flotte bilder. www.kyrrelien.com
Dette bildet kom på veggen i går, og eg er meget fornøgd!
Ekstra gøy ettersom bildet har ein litt spesiell histore for meg. Bildet er framkalt hos japan photo.




Historien bak bildet. ( For spesielt interesserte..:))

Min lillebror sykla i fjor sommar Norge på langs. Frå Nordkapp til Lindesnes. Eg var så heldig å få være med på den første etappen fra Nordkapp til Tromsø.
For ca 7 år sidan sykla eg sjølv frå Nordkapp til Lindesnes, så det var stas å sykle denne første etappen igjen.
Dette bildet er tatt på vei fra Honningsvåg til Nordkapp. Dette skulle være ein lett oppvarmings-etappe til den lange sykkelturen med tung oppakning vi skulle ut på. Kun 6 mil tur/retur Nordkapp-Honningsvåg. Bagasjen låg på hotellrommet, så dette skulle bli ein flott og grei tur!
Vi skjønte ganske rakst at dette ikkje blei ein så veldig enkel etappe likevel.. Denne strekningen er nemlig veldig vindutsatt. Det hadde eg visst heilt glømt.
Det var tidenes lengste 3 mil. Vinden jobba mildt sagt imot oss.. Trur vi hadde ein gjennomsnittsfart på under 10 km/t. Vanvittig slitsomt. Og ganske skummelt.
To ganger klarte vinkasta å hive meg av sykkelen.
Men vi kom oss heldigvis fram til Nordkapp, slitne og forslåtte. ( iallefall eg)
Så det blei nok med 3 mil den dagen, vi tok taxi tilbake:)
Heldigvis gikk resten av sykkelturen Tromsø veldig bra!




 Ellers så koser eg meg i påska med min nye strikkebok og strikkeprosjekt( Røyk på ein smell i forhold til garnshoppestoppen København.. jaja:)
Dette er ein fantastisk vakker strikkebok. Nydelig bilder og fantastiske oppskrifter!

Dette er trøya eg held på med no. Syns den er så fin! Men den tar en evighet å strikke:) Boka kan kjøpes her.

Håper alle har ein flott påske!

fredag 22. mars 2013

Danskebåtenstrikk del 2; Mariustunika


Denne tunikaen er strikka i nøstebarn sitt to trådsgarn. Det funka fint! Drops alpakka og sandnes babyull i mønsteret ( restegarn:)).

Rakk akkurat å bli ferdig med denne tunikaen før båten var inne i Oslo. Veldig fornøgd med det!
Hadde begynt på denne tunikaen før turen så, det tok meg i alt 4 dager å strikke denne.
Kjapt og moro prosjekt! ( syns det er så deilig å slippe å strikke ermer!)


No gjelder det berre å få minstejenta som faktisk skal ha denne til å gå med den.. Arg.. det er visst ikkje gøy med kjoler uten snurrefunksjon....
Jaja, eg må finne på noke smart..

No er det snart påske! Hurra! Satser på supervær, ski, sjokolade og kos heile påska!

GOD PÅSKE!

onsdag 20. mars 2013

Danskebåtenstrikk del 1



Eg har vore på seminar på danskebåten i to dager. Heilt supert! Mykje verdifull strikketid:)

Veldig fornøgd med desse vottene. Syns det var veldig god utnyttelse av restegarnet mitt.

 

I morra skal eg vise fram del to av danskebåten-strikken:)

 


 

fredag 15. mars 2013

Barselgave




 Ei venninne av meg har fått ei lita jente, så då var det berre å ta fatt på pinnene:) Fortsatt garnshoppestopp, så eg tok det eg hadde.
Nøstebarn sitt 3 trådsgarn funka fint til dette settet fra Pickles.
Oppskrifta på dette settet finn du her
Settet var heilt ok å strikke. Orka visst ikkje å strikke ermene til kjolen, så det blei ein tunika..:)
Ellers så var ribb-buksa ikkkje så kjedelig å strikke som eg hadde frykta. Gikk ganske fort!

Og er veldig fornøgd med å endelig ha lært meg å strikke sånn tjukk og fin snor!


No er det snart helg! Eg skal først på ferie til Olso, og så tillitsvalgt-kurs på danskebåten neste veke. Blir stas! Planlegger å få strikka ein heil masse på danskebåten!
God helg!!

tirsdag 12. mars 2013

Utvidelse av kassehylla


Den noget skeive og litt rare kassehylla mi, fekk endelig sin etterlengta oppgradering.
Fire nye kasser gjorde susen, og no syns eg den tar seg bra ut på rommet:)



Denne skrivepulten fra Bolia, klarte eg ikkje å gløyme.. Syns den er så fin. Så då eg oppdaga at den var salg, så måtte eg liksom berre kjøpe den...:)Superfornøgd!


Ønsker alle ein fin kveld!

lørdag 9. mars 2013

Morokjoler


Disse morokjolene har det blitt ein del av etter kvart. Jentene elsker desse kjolene ( og det syns jo eg er kjempearti!) Trur det er en kombinasjon av rosa, hjerter, snurrefunksjon og deilig stoff som dei små faller for. Og så er det jo så moro med morokjole!


 Kjolene er veldig enkle å sy, kanskje eg skal komme med ein liten DIY på desse kjolene.Hm..:)




Ønsker alle ein moro lørdag!

onsdag 6. mars 2013

Restegarnprosjekt nr.4 ; Bleiekorg!


Den gamle bleiekorga vår var blitt totalt utslitt etter at jentene har brukt den som leikebåt i eit par år. Det var på tide med ei ny. Denne gangen blei det ingen båtfunksjon på korga, men desto finere syns no i hverfall eg:)

Har her hekla med pinne nr.7 og 5 tråder. Korga har blitt fin og stiv. Holder formen godt, sjølv uten bleier oppi.

Jentene syns det var viktig med ei bleievakt, strikkedukka vart satt på saken. Ho klarer jobben sin flott syns vi:)

Ønsker alle ein flott ettermiddag og kveld!



søndag 3. mars 2013

Fornying av kontorkroken



Denne veka har vi hatt fornya kontorkroken vår. Den enorme skrivepulten er kasta ut og inn har det kommet ein egensnekra skrivepult istaden. Veldig fornøgd!
Skrivepulten er inspirert av spisestuebordet til mrs.hardy. Vil du sjå framgangsmåten kan du gå inn her

 Då skrivepulten var ferdig og på plass, var lysten stor til å fornye enda litt meir. Derfor hinta eg frampå til mannen om at det kanskje kunne vore fint om vi hadde bytta ut dei håpløse kott-dørene med nokre skyvedører i samme stilen som skrivepulten.
Hadde ikkje forventa noke respons på denne fantasien, men det fekk eg faktisk!
Han satte spoenstreks i gang med å finne ut korleis man kunne lage skyvedører sjølv, og etter to dager med intens jobbing, var herligheten på plass.

Eg er veldig imponert! Og superfornøgd med resultatet av dørene. No kan vi endelig komme inn til kottet på ein skikkelig måte! Herlig! ( no gjelder det berre å sortere alt det som var stua inn der fra før..:/)

Tusen takk til handymanen min som oppfyller mine interiørfantasier på ein så bra måte!


Før:

Etter: