torsdag 31. mai 2012

Stoff-skatter i gamle kister


Etter vår tur til østlandet forrige veke, blei kofferten min fylt til randen av herlige stoffer som eg fikk både av mamma og av svigermor. Lykke!!

Og så mange fine og store stykker stoff! Det er gamle gardiner og gammelt sengetøy. Gleder meg til å sy:)
Men det som er heilt spesielt i denne bunken med stoff er det vevde stoffet. Dette har min mann sin oldemor vevd. Kjempefint!!

Har fått to gardinlengder av dette vevde stoffet. Men kva i alle dager kan eg sy av det? Det er jo eit nærmest hellig stoff. Går det an å klippe i noke slikt?? Finnes det noke eg kan sy av stoffet slik at eg ikkje treng å klippe i det??
Vanskelig!

Må virkelig tenke grundig gjennom dette...:)

Håper alle har ein fortreffelig torsdagskveld! No skal eg lade opp til å jogge... ikkje kjempemotivert, men det kjem seg vel:)

onsdag 30. mai 2012

Dagens Signe




Eg: Signe, koffor kom du inn i senga vår i natt egentlig?

Signe: Det var fordi det var så innmari slitsomt å sove i senga mi. Æ orka det ikkje lenger!

mandag 28. mai 2012

Hårbånd DIY

Dette prosjektet tar kun 10 min å sy og er superenkelt!

Det einaste du treng er:
 eit lite stykke stoff
symaskin
og litt strikk.

Dessuten er det ein flott måte å bruke opp restestoff på:)

Dette hårbåndet blei sydd til min datter, men no har eg tjuvlånt det. Og ettersom Signe sover må eg være modell. ( Ser no at eg med fordel kunne sminka meg før denne seansen, men pytt...) Og det er som dokke sikkert ser ikkje særlig lett å ta bilde av meg sjølv.. Satser på bedre bildelykke i neste innlegg:)


Slik gjer du:
Klipp ut et kvadrat på  10 ganger 30 cm. pluss sømmonn.
Sy en sikksakksøm rundt.
Legg stoffet rette mot rette og sy sammen på langsida.
Vreng stoff stoffet og stryk det.
Sy en stikning rundt heile hårbåndet, når du kjem til kortsida bretter du stoffet inn og syr fast strikken inni.
Finn ønska lengde på strikken og sy den andre enden fast på den andre kortsida.( min strikk var ca 12 cm.)
Og så var hårbåndet ferdig. Lett som berre det!

Eg trur at neste gang eg skal sy hårbånd at eg buer av kantene litt slik at det ikkje blir så masse stoff bak ørene. Trur nok det ser finere ut og:)

Håper alle har hatt ei strålande pinse.
Vi er tilbake i Tromsø, og eg må seie at det var litt av ein overgang å dra fra 25 grader og sol til 5 garder og snø og vind....Her har snøen no lagt seg på bakken..
Hmm.. no lengter tilogmed eg etter våren. Håper den kjem snart!





lørdag 26. mai 2012

Eit sommerparadis

Mine foreldre har kjøpt seg nytt hus på Tjøme. I mange år har dei leita etter det perfekte huset, og endelig fann dei det.

Og dette huset er virkelig eit supert sommerparadis for oss. Stort hus, stakittgjerde slik at jentene kan springe fritt og ikkje minst 300 meter til verdens fineste strand:) Deilig!!


Huset er fra 1947 og har virkelig sjel. Sjølv om eg er veldig fornøgd med vårt hus i Tromsø, skulle eg gjerne hatt eit så stort og fint hus eg og....








På det siste bilde ser dokke pappas stolthet:Bodegaen( skrives det slik??) Utrulig kult vinkjellerrom!

No håper vi berre at været blir like bra når vi kjem tilbake seinare i sommar:)

onsdag 23. mai 2012

Gardinkjole



Vi er på Tjøme om dagen. Hadde aldri forestilt meg at det skulle bli tropevarme her! Vi har pakka langarma bodyer og ullstrømpebukser. Derfor leita eg litt i skapet til mamma. Og eg fann to fantastiske gardiner! Lykke! Syns stoffet er heilt fantastisk, og tenk at eg no har to gardinlengder av det. Dobbeltlykke!

 Har ikkje peil på kor eller når det er fra, men nytt er det iallefall ikkje.. Det blei ein kjole på gefylen. Halsrigninga blei litt for stor, men ellers er eg fornøgd. Deilig og lett i denne varmen.

 Hurra for sol og sommer!

mandag 21. mai 2012

Vinnere av Giveawayen!


                                         Endelig fikk eg trukket dei to vinnerene av giveawayen!



Det blei ei høgtidig trekning, og eg måtte sjølvsagt ha med meg assistent! Min assistent gjorde ein glimrande jobb:) Ho syns det var veldig stas.

Og vinnerene er: Cissi og Ragnhild. Hurra hurra!                   
                         




Ha ein fortsatt fin kveld! Og takk til alle som blei med:)

søndag 20. mai 2012

Snart trekkes giveawayen...:)


Giveawayen skulle egentlig trekkes i dag, men eg må berre beklage....
Ein veldig impulstur til Tjøme og mine foreldre som bur her har gjort at eg blir bittelitt forsinka.
Men i morra den dag skal eg trekke to vinnere!
Og ettersom eg er så megatreig til å trekke vinnere betyr det at det fortsatt er en sjangse til å skaffe seg lodd. Så bli med då vel:)

For å komme til Giveawayen kan du trykke her

Håper alle har hatt ei fin helg! Vi koser oss på Tjøme. Supert vær, og eg har faktisk blitt solbrent! Må huske å smøre meg i morra:)
Deilig med sol og sommerfølelse altså!

fredag 18. mai 2012

Eg har sydd min første vimpel:)


Eg har lenge vore fasinert over alle dei fine vimplene som florerer rundt i blogglandia. Det er jo supert å kunne sprite opp festpyntinga med ein vimpel.
17.mai er var ein super anledning til å prøve meg på min første vimpel. Hadde egentlig tenkt å få tak i eit stoff som var blomstrete med røde kvite og blå blomster. Dette ga eg fort opp etter å ha vore litt rundt i butikker og kikka. Løsningen blei blomster fra Nille som eg sydde på. Syns faktisk det blei ganske fint.


Det som er synd no er jo at 17.mai er over og at eg må ta ned vimpelen min etter ein dag. Kjedelig!
Men sia det var så gøy å sy vimpel har eg no planer om eit par vimpler på barnerommet. Det må jo bli fint!
Gleder meg! Må berre finne noken fine stoffer først:)


torsdag 17. mai 2012

Hurra for 17.mai!

                                                     
Gratulerer så masse med dagen! Her er eit lite bilderas fra vår 17.mai så langt. Stort sett ein vellykka og fin dag! No er vi kommet heim fra byen. Gøy med 17.mai, men jammen er det deilig å komme heim etter ein dag i byen!







                                       Rømmegrøt: Obligatorisk 17.mai mat!
Signe i nystrikka kjole:) Eira har arva Signe sin gamle. Med Signe måtte eg ty til ein del nødløsninger ettersom det viste seg at kjolen er altfor stor.... Men då passer den sikkert til neste år iallefall.



Og her er min bunad. Gammel Jølsterbunad. Denne sydde mamma til meg til konfirmasjonen. Syns det er stas med bunad altså:) Var forresten perfekt bunadsvær i dag! Deilig!

Ha ein fortsatt flott dag!

onsdag 16. mai 2012

Nesten klar for 17. mai!

 
Vi er nesten klare for 17.mai! Hurra!


  Min svigerinne og eg har invitert ein del venner med familie på 17. maifrokost. Bordet er dekka fint, og vi har trua på at det kjem til å bli veldig trivelig og gleder oss!

Maten er tilogmed og nesten ferdig.

Og tru det eller ei, men strikkekjolen er ferdig! Juhu! Bilder kjem i morra

Og bunadsskjortene.. ja dei skal eg stryke no!

Men det er ikkje så ille når eg kan kose meg med litt cava til strykinga. Min mann og eg har nemlig vore sammen i 5 år i dag. Og det er jammen verdt å feire med litt god drikke:)

Håper alle får ein fabelaktig 17.mai feiring i morra!

mandag 14. mai 2012

Og enda noken smekker:)



At noken ønsker seg noke som eg syr, er veldig stas!  No har eg sydd ei smekke til min niese og ei smekke til sønnen til min kollega. Håper dei blir fornøgde:)
Smekker er gøy, raskt og enkelt å sy.
 Det som er litt vanskelig er å tegne opp eit velfungerende mønster. Smekka under er eg redd blei litt for liten til min niese som skal ha den.. hm... God unnskyldning til å sy enda ein!

 Min søster ønska seg i ei strikkepinnemappe, så når eg først skulle sende ei smekke sørover, kunne eg like gjerne sy ei strikkepinnemappe i samme slengen.

Min søster Ingunn sine strikkemerkelapper heiter strikkINGS. Syns det derfor var veldig så naturlig at mappa heiter strikkINGSpinner..:)





Ellers så begynner eg å innsjå at 17. mai er berre eit par dager unna. Begynner kanskje å bli på tide å bli ferdig med 17.mai kjolen til Signe ??
Bør vel også sjekke til bunaden om ikkje så lenge, håper den er i grei stand...Like spennande kvart år om alt er som det skal. og ikkje minst om eg finn alt stæsjet som hører til.
Jaja, ordner seg vel:)


Håper alle har ein fortreffelig mandag!




lørdag 12. mai 2012

Penneorden ( og litt helgefrustrasjon..)


Vi har eit kontor (les: skrivepult satt i eit trapperom...) som konstant mangler skrivesaker. Kvar gang eg treng ein penn eller blyant må eg gå ned for å leite. Unødvendig!
Men kvifor har vi ikkje skrivesaker? Min teori er at vi mangler ein plass å ha skrivesakene.
Så ved hjelp av ein fiskebolleboks, spray, tape og dymo er boksen klar til bruk! No håper eg på mindre pennefrustrasjon i framtida...:)

( eg skal ha penner i boksen, men syns den tok seg bedre ut med fargeblyanter på bilde:))

Håper alle har ei fin helg!

Min lørdag har vel kanskje vore litt over på den slitsomme sia..
mann på turne, tidlig opp,  trøtte og slitne barn (og mor), mislykka tur på treningsenter med mine barn( måtte gå etter 5 min pga begge slo seg vrange...),bibliotekstur (faktisk vellykka) kjøpesenter og tur med dobbeltvogn uten regntrekk i snøstorm.
puh....
Men no er mine slitne barn i seng. Legginga var ikkje noke problem for å seie det slik:)
Og eg skal ete masse sjokolade, strikke, sjå på tv og slappe av. Deilig!

Og så håper vi på ein strålande dag i morra!



torsdag 10. mai 2012

Dagens Signe

Signe:
"Mamma, vet du? Pappa er også et menneske! tenk det!"

onsdag 9. mai 2012

Smoothie sesong!

 Her i huset elsker vi smoothie!
Det er så forfriskande og søtt.
Rett og slett herlig! 


Dagens smoothie:
jordbær
blåbær
bjørnebær
banan
vaniljejoghurt
og appelsinjuice
= supergodt:)






Det negative er jo sjølvsagt alt sølet. Herlighet som eg vaska etter denne seansen. Vår lille ettåring er virkelig superglad i smoothie, men likevel virker det som det meste kjem utanfor likevel...

Men,men, kva gjer vel det når man sjarmerer mamma med eit slikt fornøgd glis?:)

Ha ein fortreffelig onsdag!

mandag 7. mai 2012

Nytt møter gammelt

 

 Ja, kvifor ikkje bli med på enda en utfordring?  Kan jo ikkje skade, sjølv om det er litt skummelt...  Men eg syns utfordringa til nib var så fin, så derfor hopper eg uti det. Det viktigste er jo å delta:)

Utfordringa heiter "nytt møter gammelt".  Kjempegøy utfordring ettersom det er mykje gammelt som møter iallefall litt nytt her i huset.
I dag tenkte eg igjen å vise fram spisebordet, stolene og stæsjet rundt.

Bordet er fra 50 tallet ca? Fant det under "gi bort" på finn. Pussa det ned og lakka om. Digger gi bort på finn!

Stolene har eg vist fram før. Desse er kjøpt i ein antikvitetsbutikk. Dei har eg trekt om med eit stoff fra designers guild. Er veldig fornøgd med dette trekket:) Stolene blei som nye med nytt fint stoff!

Hjørneskapet er gammalt. Usikkert opphav, men eg fikk av mamma og pappa. Det hadde stått ubrukt i kjelleren i ein del år. Har egentlig lyst til å gi det eit strøk maling, men det har berre blitt med tanken....

Ny vase fra iittala
Ny kopp fra wik&walsøe. Min nye yndlingsserie...Ønsker meg det store vasen..sukk, den er så fin..
Gammel hekla duk. Usikkert opphav...



                                                             Sølvskjeer i nye glass.
                                     Gammel arva kopp med særdeles stor affeksjonsverdi.
                                            Nye keramikkmugger fått i bryllupspresang.


Så dette var altså mitt lille bidrag til nytt møter gammelt. Vil du sjå andre bidrag kan du gå inn her