onsdag 26. september 2012

3. etasje før og etter


Her om dagen fann eg prospektet på huset vårt. Moro å sjå kor store forandringer det har blitt oppe i 3. etasje på 2 og eit halvt år:)

Før bestod denne etasjen av eit soverom ,hybel og ein gang.
No har vi to soverom, ei loftstove og kontor/ hobbykrok i gangen.




På soverommet har vi strippa alle vegger for gamal tapet, mala og satt på nye lister.
Golvet blei strippa for eit ufattelig stygt grønt golvbelegg. Under var det tregolv som vi har pussa ned og luta.


 Sommerfuglene har Signe laga i barnehagen. Syns dei var fine på veggen:)


Loftstova var eit bittelite hybelkjøkken. Det har no blitt til det beste rommet i huset. Ei fin loftstove med fantastisk utsikt. Veldig fornøgd med det nye tilskuddet til boligen vår:)

Og slik såg det ut då vi kjøpte:


Eg syns det har blitt litt bedre...:)


Ha ein strålande onsdag!

5 kommentarer:

  1. Oi! dette var litt av en forandring. Så koselig og fint dere har gjort det!

    SvarSlett
  2. Ja!!! KJEMPEFINT! Så flinke dere er!

    SvarSlett
  3. Så fint!! Ingen tvil om at forandring fryder :) Fortsatt god helg til deg :) KLEM.

    SvarSlett
  4. Så fint dette ble, det hadde jeg sansen for :)

    SvarSlett
  5. Litt av ei forandring - wow! Misunne deg den "utsiktsposten" ein smule. Må vera fantastisk å sitta der med strikketøy og ein stor kopp te på ein forblåst regndag!

    SvarSlett

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)