lørdag 24. august 2013

Alvekjole


Forrige veke var eg på husmorferie i Stavanger. Der fekk eg bl.a. besøkt Stoff og Stil. Kjempekjekt! Fekk med meg ein del stoffer heim, og dermed er sylysten tilbake for fullt!


 Mønsteret til denne kjolen er fra boka Handmade. Kjempefin sybok med mange supre mønster!


Denne kjolen blei eg faktisk veldig fornøgd med. Har tidligere syntes det var veldig vanskelig å få kantene fine. Men denne gangen tenkte eg at eg skulle gjere det skikkelig og lese litt  om det først. Og etter å ha kikka i syhjelpen bakerst i boka,  blei det plutselig ikkje så vansklig lenger:) Merkelig...:)

Kjolen i boka har ei kake applikert på seg, så etter at Eira hadde fått auge på denne kaka, var det sjølvsagt at også hennes kjole skulle ha kake.
Så eg satte meg ned og tegna ei kake.. Mine tegne og applikeringskunnskaper er ikkje noke å skryte av, men Eira var fornøgd, så då er eg og fornøgd:)

No har også storesøster ønska seg ein slik kakekjole, flott påskudd for meg til å sitte ved symaskina enda litt til:)

1 kommentar:

  1. Søt jente, artig kjole og supersøt kake! Flotte bilder fra vakre byen vår /)

    SvarSlett

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)