onsdag 26. juni 2013

Sommerens retro-kolleksjon


Denne veka begynte ferien. Og ettersom været har vore litt dårlig, har det passa ypperlig å tilbringe tid sammen med symaskina.
Så eg har desse dagene opppgradert sommerkolleksjonen min. Heile 3 topper har eg sydd til meg sjølv.
Eg blir så glad av slike herlige retro-stoffer at eg ikkje klarte å stoppe etter ein topp..:)

 Så no er eg klar! Sommaren kan komme!

 Tusen takk for så mange koselige kommentarer på mitt forrige innlegg! Det gjer meg så glad!
Mila eg sprang i helga gikk veldig fint faktisk! Var ikkje så motivert før løpet begynte, men det viste seg å være ganske gøy ( og slitsomt..) likevel. Kom i mål med ny personlig rekord på 51 min og 30 sek:) Veldig fornøgd!
Ønsker alle ein flott onsdag!

lørdag 22. juni 2013

Bomullskjole





 Endelig blei denne kjolen ferdig! Det tok si tid..:) Men ettersom resultatet blei bra, er det ikkje så farlig.
Og sjølv om den er strikka i rein bomull, er den faktisk veldig mjuk og deilig. Og veldig bra å ha på i følge Signe.



 Oppskrifta er henta fra Allers sin strikkebok som heiter "Slipp pinnene løs og strikk"
Eit pluss med denne kjolen er at garnet er fra søstrene grene og veldig billig. Trur alt garnet til denne kjolen kosta ca 75 kroner. Veldig fornøgd med den prisen:)
Håper berre det også er kvalitet på det garnet..:)



Ellers så prver eg å manne meg opp til kveldens store utfordring.  Skal springe mila på midnight sun marathon..
Tenk at eg gjer dette heilt frivillig. Utrulig. Pøsregner gjer det og. Jaja, no skal eg berre springe litt, og så skal eg nyte sommerferien til det fulle!
Å, så deilig med ferie!!

søndag 16. juni 2013

Lett sommerbluse






Vi skal til syden i syden i sommer, og ettersom spesielt Signe sin hud ikkje tåler sol så godt, tenkte eg det kunne være greit å ha ein superlett og tynn bluse med.
Dette viste seg å ikkje være så lett å få tak i, så derfor var det berre å sy ein slik sjølv.
Her har eg brukt eit gammalt sengetøy. Dette sengetøyet er godt brukt, derfor er det veldig mjukt, lett og deilig.


Bluse nr. 1 blei litt rar i formen syns eg. Veldig vid og litt for kort til eldstejenta..
Så eg må vel kanskje prøve meg på ein til:)
Vel, det får bli litt seinere, er fortsatt eit par veker til vi drar:)


Ønsker alle ein riktig fin søndag!

fredag 7. juni 2013

Barselgave til ein liten krabat



I dag reiser eg på husmorferie i Trondheim. Der skal eg bl.a. møte ein liten gutt som kom til verden i slutten av mai. Gleder meg veldig:)
Han skal jo sjølvsagt få ein liten gave. Denne gongen har eg prøvd meg på ei oppskrift eg aldri har strikka før. Veksejakke fra Nøstebarn.


 Likte oppskrifta godt, håper den faller i smak hos den lille. Jakka er strikka i drops alpakka.
I tillegg får han ein arti liten siklesmekke. Er jo viktig å passe på at han ikkje søler på jakka;)



Måtte berre ta eit bilde av blomstene vi plukka på veg heim barnehagen i går. Massevis med markblomster for tida. Er så trivelig!


tirsdag 4. juni 2013

Strikking i mai

 Det blei en god del strikking i mai. Turnè og fridager er ypperlig til strikking.  Dette er to av prosjekta som faktisk blei ferdigstilt i mai.
En tøysetopp til min nevø som akkurat har fylt to. Oppskrifta til denne er henta fra Pickles



Det andre prosjektet som blei ferdigstilt er denne mariustunikaen til svigermor.
Takk til alle flyreiser som gjorde det mulig å få den ferdig tidsnok:)

Nesten det beste med å bli ferdig med prosjekter, er å endelig kunne begynne nye prosjekter med god samvittighet:)
Så i dag har eg vore på garnshopping og starta på ei hekla  sommerjakke til meg sjølv. ( Eg måtte berre kjøpe nytt garn, det var 30% salg på heile butikken:))

God tirsdag til alle som er innom!

søndag 2. juni 2013

Prikker er kult!


Signe hadde fått det for seg at ho skulle ha eit skjørt og ein vest akkurat som kusina har.Ettersom dette ikkje er så lett å få tak i i butikken, var det berre å sette seg ned å sy.
Tok mål av vesten til kusina og sydde noke lignande.
Skjørtet blei kun fri fantasi, og det funker sånn halveis..:)


 Men dattera er iallefall fornøgd, og eg syns det var gøy å sy dette herlige prikkesettet:)



Ser no at det har blitt veldig lite blogging i det siste. Hm.. Trur det er det fine været som gjer det. Har vore heilt magisk her i nord den siste tida!Kjempedelig med tidlig sommer!

Men sjølv om det har blitt lite blogging, har det likevel blitt masse strikking, og eg skal vise det fra snart:)
Ha ein fortsatt fin søndag!