lørdag 24. november 2012

Finn ein feil....


Vel.. Gleden med å være ferdig med vottene, blei noke redusert då eg fann ut at eg har klart å strikke to venstrevotter.. Arg...!
Jaja.. har vel ikkje noke anna valg enn å strikke 2 høgrevotter då...
Det positive er jo at det er ein person til som sikkert får røde Selbuvotter til jul:)
Lurer på kven det blir..:)




Ha ein fin lørdagskveld!

fredag 23. november 2012

Duske-flettelue!


Endelig har eg fått meg duske-flettelue! 
Oppskrifta til denne lua er inspirert av Marte Helgetun.
Trykk her for å komme direkte til oppskrifta.




Oppskrifta er egentlig ei barneoppskrift. Gjorde omtrent akkurat det som stod i oppskrifta. brukte pinne nr. 6 istedenfor 5.

No er eg i gang med lue nummer 2. Denne gangen med Drops Andes garn. Pinne nr. 5 på vrangbord og pinne 6 på mønster. Spent på resultatet:)


Ønsker alle ei fortreffelig helg!

onsdag 21. november 2012

I finalen!

Den fantastisk fine bloggen huset ved fjorden har hatt ei utfordring.
Kreativ med barn.
Eg var freidig og meldte meg på med Signes monsterpute.


Og Signe og eg er i finalen:) Veldig arti!

Det er verdt å ta ein tur innom bloggen hennes å la seg inspirere av alle dei flotte bidraga!
Trykk  her for å komme direkte til finalistene.

Så stem i vei på det bidraget du liker best!

tirsdag 20. november 2012

Årets første julekjole er ferdig


 Då var Signe sin julekjole ferdig:)
Har lenge lurt på kva eg skulle bruke dette kule stoffet til, blei veldig glad når julekjoleideen kom opp. Syns stoffet passa supert. Akkurat passe julete:)

No skal eg prøve å få sydd ein til til Eira og.

Ha ein fin kveld!




søndag 18. november 2012

Kaos og kos



 Men mest kos!
I dag har vi hatt innedag. Været var grått og eg er aleine med jentene denne helga, så innedag var fristande..:) Sitte i godstolen heile dagen med ein kaffe å berre strikke! ..eh....Var jo lov å drømme:)


Eit av dagens prosjekt var kanelboller. veldig stas for jentene !Men dei ville ikkje heve.. Kjedelig. Men då dei var nystekte smakte dei godt likevel!



Vi har både mala og hatt juleverksted i dag! Koselig kaos!


Og eg fikk faktisk strikka litt. Min nye strikkedille er selbuvotter:)




Og ferdigstilt kjole!.. Stoffet er fra ei gardin kjøpt på loppis.

Og no er endelig jentene i seng, så då det berre å prøve å rydde opp etter dagens utfoldelser ...Puh..

Ha ein flott søndagskveld!
No skal eg sitte å strikke og sjå på tv resten av kvelden! ( etter at eg har rydda bittelitt...)


onsdag 14. november 2012

Kaffe+ stearinlys+ny duk= ganske så trivelig!


Vi har hatt mangelvare på duker her i heimen ei god stund. Det er berre så utrulig kjedelig å kjøpe duker syns eg..!
Men å sy dei sjølv det er gøy! Lurer på kvifor eg ikkje har gjort det før...


Denne linduken er sydd på 10 min. Klipp og ein søt liten snøfnugg-bord, det var det:)

Liker dette linstoffet veldig godt. Røft og pent på samme tid.

No skal eg nyte resten av kaffen i ein fei og så komme meg på jobb!
Ha ein fin dag!

søndag 11. november 2012

Mariusjakke på farsdagen!





Årets farsdagsgave blei ein ganske eksklusiv gave syns eg!
Skulle egentlig bli julegave, men ettersom den blei ferdig litt før tida, klarte eg ikkje å vente med å gi den:)


Bortsett fra stygge og ujevne kanter rundt glidelåsen, syns eg jakka blei fin! Sleit veldig med å få glidelåsen rett og fin, men det orda seg til slutt..




Jakka er strikka i alpakka garn fra Sandnes. Veldig deilig garn!

No er eg i gang med Mariusgenser til meg sjølv:) hihi

Ha ein flott søndag alle sammen!


fredag 9. november 2012

Fra singlet til prinsessekjole


Det er veldig gøy å sy om klær!
Og så får eg så god samvittighet av det! Det å gjære nytte av klær som ikkje har vore brukt på ei evighet er ein veldig god følelse.
Og når mottakeren blir glad, så er det jo enda bedre.


Denne singletten har hengt i skapet i mange år, men har ikkje klart å kaste den eller gi den bort fordi stoffet er så fint.
Då var det glimrande å sy kjole av den.  Eller prinsessekjolen som Signe kaller kjolen.


 

Signe var med på kjoledesignen, ho fikk velge både lengden på kjolen og at det skulle være ei stjerne på. Trur ho syntes det var veldig stas:)

Ønsker alle ei flott helg!!





mandag 5. november 2012

Mørketidskos


Mørketida er ikkje kommet for fullt enda, men den begynner likevel å sette seg godt syns eg.
Då er det ekstra koselig å sitte inne i varmen å berre sjå ut på været og utsikta...:)
Ikkje feil å ha ein bolle med sjokolade i nærheten heller!:)

Med dette bildet er eg med i Nib sin novemberutfording: kos.
Vil du sjå andre fine bidrag kan du gå inn her



Ønsker alle ein fin ettermiddag og kveld!

søndag 4. november 2012

Hjelp....

Det er noke som er heilt feil med å sy og klippe i eit plagg som du har brukt heilt vanvittig mange timer på å strikke.



Eg har aldri gjort dette før, og var både skeptisk og nervøs for korleis utfallet av dette sy og klippeprosjektet skulle gå..

Mariusjakka er enda ikkje ferdig, men trur det gjekk bra....:)

Eg har ein tendens til å ikkje lese oppskrifter nøye nok, tar forhasta beslutninger og strikker i vei på min måte. Også med denne jakka gjorde eg det. Og etter å ha knota med å strikke mariusmønsteret  fram og tilbake, fann eg ut etter at eg var ferdig at eg skulle ha strikka rundt, og så klippa opp til ermene etterpå... Jaja.
Fint å vite til neste gang..
Og så blei eg jo ein reser til å strikke mønster fra vrangsida!:)

Ønsker alle ein god søndag.

Her er det grått og trist i dag. Flott då å ha ein mann som er flink til å lage amerikanske pannekaker og god kaffe som vi kan kose oss med inne!



torsdag 1. november 2012

Fin hårstæsjpung til fine jenter


Treåringen har plutselig fått heilt dilla på strikker, hårklemmer og stæsj. Dette har medført at vi hldri finn strikkene når vi treng dei. Og når vi ikkje treng dei finn vi dei overalt i heile huset..
Så derfor var det på tide med ein hårstæsjpung!


Mønsteret til denne pungen er fra min favorittsybok for tida, Made by me:)





Og som dokke ser, det er mykje stæsj som skal holdes styr på:)
( Slik blei altsa Signe sjåande ut då eg var  bortreist på kurs. Lurer på kven som egentlig hadde føringa i denne "pyntinga"....Far eller datter??:))

Ønsker alle ein god torsdag!